Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MALACHI
1 2 3 4
Prev Up Next
Chapter 4
Mala NorSMB 4:1  For sjå, dagen kjem, brennande som ein omn; då skal alle ovmodige og kvar den som fer med gudløysa, verta halm, og dagen som kjem, skal brenna deim upp, segjer Herren, allhers drott, so det ikkje vert att av deim anten rot eller grein.
Mala NorSMB 4:2  Men for dykk som ottast mitt namn, skal rettferds-soli renna upp med lækjedom i vengjerne sine; og de skal ganga ut og hoppa som kalvar når dei slepp or fjøset.
Mala NorSMB 4:3  Og de skal trakka ned dei gudlause, for dei skal verta som oska under føterne dykkar på den dagen som eg skaper, segjer Herren, allhers drott.
Mala NorSMB 4:4  Kom i hug lovi åt Moses, tenaren min, som eg gav honom på Horeb for heile Israel med bod og rettar!
Mala NorSMB 4:5  Sjå, eg sender dykk profeten Elia fyrr Herrens store og skræmelege dag kjem.
Mala NorSMB 4:6  Han skal venda fedrehjarto til borni og barnehjarto til federne, so eg ikkje skal koma og slå landet med bann.