Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MALACHI
1 2 3 4
Prev Up Next
Chapter 1
Mala NorSMB 1:1  Ei framsegn. Herrens ord til Israel ved Malaki.
Mala NorSMB 1:2  Eg hev elska dykk, segjer Herren. Og de spør: «Korleis hev du elska oss?» Er ikkje Esau bror åt Jakob? segjer Herren. Og eg elska Jakob,
Mala NorSMB 1:3  men Esau hata eg, og eg hev gjort hans fjell til ei øydemark og odelen hans til ein heidebustad.
Mala NorSMB 1:4  Når Edom segjer: «Me ligg i røys, men me skal byggja røyserne upp att,» då svarar Herren, allhers drott: Dei byggjer, men eg riv ned; dei skal heita Gudløyselandet og folket som Herren er æveleg harm på.
Mala NorSMB 1:5  De skal sjå det med eigne augo, og de skal segja: «Herrens velde når ut yver Israels grensa.»
Mala NorSMB 1:6  Ein son ærar far sin og ein tenar herren sin. Er no eg far, kvar er då mi æra, og er eg herre, kvar er då otten for meg? segjer Herren, allhers drott, til dykk, de prestar som vanvyrder namnet mitt. Og de spør: «Korleis hev me vanvyrdt namnet ditt?»
Mala NorSMB 1:7  Jau, de ber fram sulka mat på altaret mitt. Og de spør: «Kva hev me sulka deg med?» Jau, de segjer: «Herrens bord er ikkje vyrdande.
Mala NorSMB 1:8  Um de kjem med eit blindt dyr til offer, so er ikkje det noko gale, og kjem de med eit halt og eit sjukt, so er det ikkje noko gale.» Kom med sovorne gåvor til jarlen din! Skal tru han vert blid på deg eller tek vel imot deg? segjer Herren, allhers drott.
Mala NorSMB 1:9  So blidka no Gud, at han må vera oss nådig! Med eigne hender hev de gjort slikt, kann han då taka vel mot dykk? segjer Herren, allhers drott.
Mala NorSMB 1:10  Å, um det fanst nokon millom dykk som vilde stengja dørerne, so de slapp å gjera upp eld til fåfengs på altaret mitt! Eg hev ingen hugnad i dykk, segjer Herren, allhers drott, og offergåva frå dykkar hand likar eg ikkje.
Mala NorSMB 1:11  For frå solekoma til soleglad er mitt namn stort millom folki, og på kvar ein stad vert det frembore røykoffer åt namnet mitt og rein offergåva; for namnet mitt er stort millom folkeslagi, segjer Herren, allhers drott.
Mala NorSMB 1:12  Men de vanhelgar det med di de segjer: «Herrens bord er sulka, og maten som fell av frå det, er ikkje vyrdande.»
Mala NorSMB 1:13  «Å, for ei møda!» segjer de, og de blæs åt det, segjer Herren, allhers drott; og når de ber fram offergåvor, kjem de med det som de hev rana, det som er halt og sjukt. Skulde eg hava hugnad i slike gåvor frå dykkar hand? segjer Herren.
Mala NorSMB 1:14  Nei, forbanna vere den som fer med svik, som eig handyr i buskapen og hev gjort ein lovnad, men so ofrar til Herren eit gjelddyr. Ein stor konge er eg, segjer Herren, allhers Gud, og namnet mitt er skræmeleg millom folki.