Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
REVELATION OF JOHN
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 10
Reve NorSMB 10:1  Og eg såg ein annan veldug engel stiga ned frå himmelen, sveipt i ei sky, og regnbogen var yver hovudet hans, og hans åsyn var som soli, og føterne hans som eldstolpar.
Reve NorSMB 10:2  Og han hadde i handi ei liti opna bok, og han sette sin høgre fot på havet og den vinstre på jordi.
Reve NorSMB 10:3  Og han ropa med høg røyst, som ei løva burar, og då han hadde ropa, tala dei sju toredunar med sine røyster.
Reve NorSMB 10:4  Og då dei sju toredunar hadde tala med sine røyster, vilde eg til å skriva; og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sagde til meg: «Set innsigle for det som dei sju toredunar tala, og skriv det ikkje upp!»
Reve NorSMB 10:5  Og engelen, som eg såg standa på havet og på jordi, lyfte handi upp mot himmelen,
Reve NorSMB 10:6  og svor ved honom som liver i all æva, som skapte himmelen og det som er i honom, og jordi og det som er på henne, og havet og det som er i det, at det ikkje lenger skal vera nokor tid.
Reve NorSMB 10:7  Men i dei dagar då røysti av den sjuande engelen vert høyrd, når han skal blåsa, då skal og Guds løyndom vera fullenda, so som han forkynte for tenarane sine, profetarne.
Reve NorSMB 10:8  Og den røysti som eg hadde høyrt frå himmelen, tala atter med meg og sagde: «Gakk og tak den litle opne boki i handi på den engelen som stend på havet og på jordi!»
Reve NorSMB 10:9  Og eg gjekk burt til engelen og sagde til honom: «Gjev meg den litle boki!» Og han sagde til meg: «Tak og et henne, og ho skal svida i magen din; men i munnen din skal ho vera søt som honning.»
Reve NorSMB 10:10  Og eg tok den litle boki or handi på engelen og åt henne, og ho var søt som honning i munnen min, men då eg hadde ete henne, sveid det i magen min.
Reve NorSMB 10:11  Og dei segjer til meg: «Du skal atter spå um mange landslydar og folk og tungemål og kongar.»