Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
REVELATION OF JOHN
Prev Up Next
Chapter 15
Reve NorSMB 15:1  Og eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underlegt: sju englar, som hadde dei sju siste plågorne; for med deim er Guds vreide fullenda.
Reve NorSMB 15:2  Og eg såg liksom eit glashav, blanda med eld, og deim som hadde vunne siger yver dyret og yver bilætet av det og yver namnetalet på det, såg eg standa ved glashavet og halda Guds harpor.
Reve NorSMB 15:3  Og dei song songen åt Moses, Guds tenar, og songen åt Lambet og sagde: «Store og underlege er dine gjerningar, Herre Gud, du allmegtige! Rettferdige og sanne er dine vegar, du konge yver folki!
Reve NorSMB 15:4  Kven skulde ikkje ottast, Herre, og æra ditt namn? for einast du er heilag; for alle folki skal koma og tilbeda for di åsyn, for dine rettferdige domar hev vorte openberre!»
Reve NorSMB 15:5  Og deretter såg eg, og sjå: Templet med vitnemålstjeldet i himmelen vart opna,
Reve NorSMB 15:6  og dei sju englarne som hadde dei sju plågorne, kom ut or templet, klædde i reint og skinande linty og umbundne um bringa med gullbelte.
Reve NorSMB 15:7  Og eit av dei fire livendi gav dei sju englarne sju gullskåler, fyllte med Guds vreide, hans som liver i all æva.
Reve NorSMB 15:8  Og templet var fyllt med røyk av Guds herlegdom og av hans magt, og ingen kunde ganga inn i templet fyrr dei sju plågorne frå dei sju englarne var fullenda.