Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ZECHARIAH
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 5
Zech NorSMB 5:1  Sidan lyfte eg atter upp augo mine og fekk sjå ein fjukande bokrull,
Zech NorSMB 5:2  og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein fjukande bokrull, som er tjuge alner lang og ti alner breid.»
Zech NorSMB 5:3  Då sagde han til meg: «Dette er forbanningi som gjeng ut yver heile landet; for i samhøve med henne skal kvar den som stel verta reinska burt her ifrå, og i samhøve med henne skal kvar den som sver verta reinska burt her ifrå.
Zech NorSMB 5:4  Eg hev sendt henne ut, segjer Herren, allhers drott, og ho skal ganga inn i huset til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ved mitt namn, og ho skal setja seg fast der i huset og øydeleggja det, både tre og stein.»
Zech NorSMB 5:5  Sidan kom han fram den engelen som tala med meg, og sagde til meg: «Lyft upp augo dine og sjå kva det er som kjem fram der!»
Zech NorSMB 5:6  Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det er skjeppa som kjem fram.» Og han sagde: «Soleis ser det ut med deim i heile landet.»
Zech NorSMB 5:7  Sjå, då vart eit rundt blylok lyft upp, og der var ei kvinna som sat i skjeppa.
Zech NorSMB 5:8  Då sagde han: «Dette er gudløysa.» Og so tok han og slengde henne ned i skjeppa og slo blyloket yver opningi.
Zech NorSMB 5:9  Då eg sidan lyfte upp augo mine, fekk eg sjå tvo kvinnor som kom fram, og vinden fyllte vengjerne deira - for dei hadde vengjer som storkevenger - og dei tok og lyfte skjeppa upp millom himmel og jord.
Zech NorSMB 5:10  Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med skjeppa?»
Zech NorSMB 5:11  Han svara: «Dei skal byggja eit hus åt henne i Sinearlandet, og når det er ferdigt, skal ho setjast ned der på sin stad.»