Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
HOSEA
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
Hose NorSMB 3:1  Og Herren sagde til meg: «Gakk ein gong til stad og elska ei kvinna som hev ein elskar og er ei lauslyndt kvinna, liksom Herren elskar Israels-borni, endå dei vender seg til andre gudar og elskar druvekakor!»
Hose NorSMB 3:2  Og eg kjøpte meg ei slik kvinna og gav for henne femtan sylvdalar og tri tunnor bygg og attpå halvonnor tunna bygg.
Hose NorSMB 3:3  So sagde eg til henne: «I mange dagar vert du no sitjande for meg og fær ikkje gjera hor eller hava med nokon annan mann å gjera. So skal eg og taka det sameleis med deg.»
Hose NorSMB 3:4  For i mange dagar skal Israels-borni sitja utan konge og hovding, utan ofring og bilætsulor, utan messehakel og husgudar.
Hose NorSMB 3:5  So skal Israels-borni venda um og søkja Herren, sin Gud, og David, kongen sin. Og bivrande skal dei koma til Herren og til hans velsigning i dei seinste dagar.