Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
HOSEA
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
Prev Up Next
Chapter 13
Hose NorSMB 13:1  Når Efraim tala, vart dei fælne. Høg var han i Israel. Men han vart saka med Ba’al og døydde.
Hose NorSMB 13:2  Og no held dei på med si synd. Og dei gjer seg støypte bilæte av sylvet sitt, avgudar etter sitt eige vit, handverksarbeid alt saman. Til slike talar dei. Menneskjeslagtarar kysser kalvar.
Hose NorSMB 13:3  Difor skal dei verta som morgonskyi, som doggi som tidleg kverv, liksom agner som vinden fyk burt ifrå treskjarstaden, og liksom røyk or ein ljore.
Hose NorSMB 13:4  Men eg er Herren, din Gud, alt frå Egyptarland. Nokon annan Gud enn meg veit du ikkje av. Og nokon annan frelsar enn eg finst ikkje.
Hose NorSMB 13:5  Det var eg som kjendest ved deg i øydemarki, i det turre landet.
Hose NorSMB 13:6  Etter som beitet deira var, vart dei mette. Då dei var mette, vart dei høge i sin hug. Difor gløymde dei meg.
Hose NorSMB 13:7  Då vart eg deim liksom ei løva. Som ein pantar lurer eg innmed vegen.
Hose NorSMB 13:8  Eg kjem yver deim som ei binna som dei hev teke ungarne ifrå, og riv sund bringa deira. Eg gløypar deim som ei løvemor. Villdyr skal slita deim sund.
Hose NorSMB 13:9  Du hev tynt deg, Israel, med di du er imot meg, di hjelp.
Hose NorSMB 13:10  Kvar er no kongen din, at han kann syta for frelsing åt deg i alle byarne dine? Og kvar hev du domarane dine, som du sagde um: «Lat meg få konge og hovdingar?»
Hose NorSMB 13:11  Ja, ein konge skal eg gjeva deg i min vreide, og so tek eg honom burt i min harm.
Hose NorSMB 13:12  Samanbundi er misgjerningi hans Efraim, og syndi hans gøymd.
Hose NorSMB 13:13  Rider som hjå ei fødande kvinna skal koma yver honom. Han er ein son som ikkje er vis. For når stundi er der, kjem han ikkje fram i fødsli.
Hose NorSMB 13:14  Or helheims vald vil eg fria deim, frå dauden vil eg løysa deim ut. Kvar er di sott, du daude? Kvar er di tyning, du helheim? Anger er løynd for augo mine.
Hose NorSMB 13:15  For han, millom brørne sine stend han lavande av frukt; det kjem ein austanvind, eit Herrens ver, farande upp ifrå øydemarki. Då turkar brunnen hans upp, og kjelda hans tryt. Han ranar skatten, alle slag kostnadting.