Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
HOSEA
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 5
Hose NorSMB 5:1  Høyr dette, de prestar, og gjev gaum, du Israels hus, og du kongehus, legg øyra til! For dykk gjeld domen. For det hev vore ei snara åt Mispa, og eit utspila net på Tabor.
Hose NorSMB 5:2  Med ei offerslagting hev dei sokke berre djupare ned i villa. Men eg skal verta eit tukteris åt deim alle i hop.
Hose NorSMB 5:3  Eg kjenner Efraim, og Israel er ikkje løynt burt ifrå meg. For du Efraim hev drive hor, og Israel hev sulka seg til.
Hose NorSMB 5:4  Gjerningarne deira let deim ikkje få venda um til deira Gud, av di dei hev ei hordoms ånd i bringa si, og Herren, honom kjenner dei ikkje.
Hose NorSMB 5:5  Men Israels storlæte vitnar imot honom, og Israel og Efraim skal stupa for si misgjerning. Juda skal og falla med deim.
Hose NorSMB 5:6  Um dei fer av stad med sitt småfe og sitt storfe og skal søkja Herren, so finn dei honom ikkje. Han hev drege seg ifrå deim.
Hose NorSMB 5:7  Mot Herren hev dei vore utrue. For dei hev født born som ikkje er hans. Difor skal no ein nymåne eta deim upp med alt det dei eig.
Hose NorSMB 5:8  Blås i lur i Gibea, i trompet i Rama! Blås alarm i Bet-Aven! Etter deg, Benjamin!
Hose NorSMB 5:9  Efraim skal øydast på refsingsdagen. Mot Israelsfylki varslar eg det visse.
Hose NorSMB 5:10  Juda hovdingar hev vorte liksom dei som flyt deilder. Yver deim skal eg ausa ut vreiden min som vatn.
Hose NorSMB 5:11  Efraim vert nedkua, retten hans rana. For han hev teke på med å fara etter menneskjebod.
Hose NorSMB 5:12  Og eg - som mol er eg no for Efraim og som beinåt for Judas hus.
Hose NorSMB 5:13  Og Efraim hev gått sjukdomen sin og Juda såret sitt. Difor hev Efraim fare til Assur og sendt bod til kong Jareb. Men han kann ikkje gjera dykk gode att, og såret dykkar vert ikkje lækt.
Hose NorSMB 5:14  For eg, som ei løva er eg mot Efraim og som ei ungløva mot Juda hus. Og eg, ja eg riv sund og fer min veg med det, og ikkje finst den som kann berga.
Hose NorSMB 5:15  Eg gjeng min veg attende til min stad, til dess dei hev lide det dei hev fortent, og so fer til å søkja mi åsyn. I si naud skal dei leita etter meg.