Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
HOSEA
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 4
Hose NorSMB 4:1  Høyr Herrens ord, de Israels-born! For Herren hev sak med deim som bur i landet, av di det ingen truskap finst i landet, og ingen kjærleik og ingen kjennskap til Gud.
Hose NorSMB 4:2  Dei sver og lyg, dei drep og stel og driv hor. Dei fer med vald, og blodverk fylgjer på blodverk.
Hose NorSMB 4:3  Difor ligg landet i sorg, og alt som bur i det, sjuknar burt, både dyri på marki og fuglarne under himmelen. Jamvel fiskarne i havet set til.
Hose NorSMB 4:4  Like vel skal ingen skjella og ingen refsa; for folket ditt er liksom dei som trettar med ein prest.
Hose NorSMB 4:5  Ja, du skal falla um dagen, og profeten skal falla med deg um natti, og mor di tynar eg.
Hose NorSMB 4:6  Det er ute med folket mitt, av di det vantar kunnskap. Etter di du hev vanda kunnskap, so skal eg og vanda deg, so du ikkje vert min prest. Og etter di hev gløymt lovi åt din Gud, so skal eg og gløyma borni dine.
Hose NorSMB 4:7  Di fleire dei vart, di meir synda dei mot meg. Men deira heider skal eg snu um til vanheider.
Hose NorSMB 4:8  Av mitt folks synd nærer dei seg, og til misgjerningi deira stend deira hug.
Hose NorSMB 4:9  Men no skal det ganga med presten som folket. Eg skal straffa deim for deira ferd, og gjeva deim att for deira gjerd.
Hose NorSMB 4:10  Og eta skal dei og ikkje mettast, hora og ikkje meirast, av di dei hev slutta med å agta på Herren.
Hose NorSMB 4:12  Folket mitt spør stokken sin til råds, og hentar seg rettleiding av sin stav. For ei hordoms ånd hev villa deim, so dei med hor dreg seg burt ifrå sin Gud.
Hose NorSMB 4:13  Øvst uppå åsarne ofrar dei, og på kollarne brenner dei røykjelse, under eik og poppel og terebinta, av di skuggen der er god. So vert døtterne dykkar skjøkjor og sonekonorne dykkar horkonor.
Hose NorSMB 4:14  Likevel refsar eg ikkje døtterne dykkar for at dei er skjøkjor eller sonekonorne dykkar for at dei er horkonor. For mennerne sjølve løyner seg av med horkonor og ofrar med tempelskjøkjor. Soleis fer eit fåvitugt folk til sin undergang.
Hose NorSMB 4:15  Um no du Israel vil halda på med ditt horeliv, so må då ikkje Juda skuldbinda seg soleis. Kom då ikkje til Gilgal, og far ikkje upp til Bet-Aven, og sver ikkje: «So sant som Herren liver.»
Hose NorSMB 4:16  Um Israel stritar imot som ei balstyri ku, so skal Herren på hyrdingvis no føra deim som lamb på vidåtta.
Hose NorSMB 4:17  Bunden til avgudsbilæte er Efraim. So fær han då fara!
Hose NorSMB 4:18  Drikkinga deira er måtelaus. Hegdelaust driv dei sitt horeliv. Skjoldarne hennar elskar det som skamlegt er.
Hose NorSMB 4:19  Med eit stormver skal gripa deim med vengjerne sine, og dei skal verta til skammar med ofringarne sine.