HOSEA
Chapter 12
| Hose | NorSMB | 12:1 | Efraim hev ringa meg inn med lygn, og Israels hus med svik. Og Juda er alljamt agelaus imot Gud, mot den Heilage, den Trufaste. | |
| Hose | NorSMB | 12:2 | Efraim stundar etter vind, og jagtar etter austanver. All dagen aukar det på med lygn og vald. Samband med Assur gjer dei, og olje fører dei til Egyptarland. | |
| Hose | NorSMB | 12:3 | Men Herren fører sak med Juda, og vil heimsøkja Jakob for åtferdi hans, betala honom etter gjerningarne hans. | |
| Hose | NorSMB | 12:5 | Ja, han drogst med engelen og vann, han gret og bad honom um nåde. I Betel fann han honom, og der tala han med oss. | |
| Hose | NorSMB | 12:7 | Og du, til din Gud skal du venda um. Hald fast på kjærleik og rett! Og bia stødt på din Gud! | |
| Hose | NorSMB | 12:9 | So segjer og Efraim: «Eg hev då vorte rik, eg hev vunne meg midel. Kva eg so strævar med, so skal dei då ikkje finna hjå meg nokon urett som er synd.» | |
| Hose | NorSMB | 12:10 | Men eg er Herren din Gud, alt ifrå Egyptarland, eg vil endå lata deg bu i tjeldbuder liksom i høgtidsdagarne. | |
| Hose | NorSMB | 12:11 | Og eg hev tala til profetarne, og eg, syner i mengd hev late deim sjå, og gjenom profetarne hev eg tala i liknader. | |
| Hose | NorSMB | 12:12 | Er no Gilead eit illgjerdsreir, so skal dei verta berre fåfengd. Ofrar dei uksar i Gilgal, so skal og altari deira verta som steinrøysar innmed forerne på marki. | |
| Hose | NorSMB | 12:13 | Og Jakob rømde til Aramsletta, og Israel træla for ei kona - og for ei kona gjætte han. | |