II THESSALONIANS
Chapter 1
II T | NorSMB | 1:1 | Paulus og Silvanus og Timoteus til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus: | |
II T | NorSMB | 1:3 | Me er skuldige til å takka Gud alltid for dykk, brør, som sømelegt er, for di dykkar tru veks rikleg, og kjærleiken til kvarandre vert større hjå kvar og ein av dykk alle, | |
II T | NorSMB | 1:4 | so at me sjølve rosar oss av dykk i Guds kyrkjelydar for dykkar tolmod og tru i alle dykkar forfylgjingar og dei trengslor som de held ut - | |
II T | NorSMB | 1:5 | eit fyrebod um Guds rettferdige dom - for at de skal verta funne verdige til Guds rike, det som de og lid for, | |
II T | NorSMB | 1:7 | og gjeva dykk som vert trengde, ro med oss når vår Herre Jesus openberrar seg frå himmelen med sitt veldes englar, | |
II T | NorSMB | 1:8 | med logande eld, når han tek hemn yver deim som ikkje kjenner Gud, og deim som ikkje lyder vår Herre Jesu evangelium, | |
II T | NorSMB | 1:9 | dei som skal lida refsing, ei æveleg fortaping burt frå Herrens åsyn og frå hans veldes herlegdom, | |
II T | NorSMB | 1:10 | når han kjem på den dagen for å syna seg herleg i sine heilage og underleg i alle dei truande - for vårt vitnemål til dykk vart motteke med tru. | |
II T | NorSMB | 1:11 | Difor bed me og alltid for dykk, at vår Gud må finna dykk verdige til kallet og kraftigt fylla dykk med all hug til det gode og verksemd i trui, | |