II THESSALONIANS
Chapter 3
II T | NorSMB | 3:1 | Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må hava framgang og syna seg herlegt liksom hjå dykk, | |
II T | NorSMB | 3:2 | og at me må verta utfria frå dei uliklege og vonde menneskje; for trui er ikkje kvar manns sak. | |
II T | NorSMB | 3:4 | Me hev den tiltru til dykk i Herren, at de både gjer og kjem til å gjera det som me byd dykk. | |
II T | NorSMB | 3:5 | Men Herren styre dykkar hjarto til å elska Gud og til å venta på Kristus med tolmod! | |
II T | NorSMB | 3:6 | Men me byd dykk, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de held dykk frå kvar ein bror som ferdast uskipeleg og ikkje etter den lærdom som de fekk av oss. | |
II T | NorSMB | 3:7 | For de veit sjølve korleis de skal etterfylgja oss; for me livde ikkje uskipeleg millom dykk; | |
II T | NorSMB | 3:8 | og me åt ikkje heller brød hjå nokon for inkje, men i strev og møda arbeidde me natt og dag, for at me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla, | |
II T | NorSMB | 3:9 | ikkje for det at me ikkje hev rett til det, men at me kunde gjeva dykk eit fyredøme i oss sjølve, so de skulde etterfylgja oss; | |
II T | NorSMB | 3:10 | for då me var hjå dykk, baud me dykk og dette, at um nokon ikkje vil arbeida, skal han heller ikkje eta. | |
II T | NorSMB | 3:11 | Me høyrer nemleg at sume ferdast uskipeleg millom dykk, so dei ikkje arbeider, men fer med slikt som ikkje kjem deim ved. | |
II T | NorSMB | 3:12 | Men slike byd og påminner me i Herren Jesus Kristus, at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød. | |
II T | NorSMB | 3:14 | Men um nokon ikkje lyder vårt ord her i brevet, so merk dykk honom; hav ikkje samkv me med honom, so han må blygjast! | |
II T | NorSMB | 3:16 | Men han, fredsens Herre, gjeve dykk fred alltid i alle måtar! Herren vere med dykk alle! | |