Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II THESSALONIANS
1 2 3
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
II T NorSMB 3:1  Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må hava framgang og syna seg herlegt liksom hjå dykk,
II T NorSMB 3:2  og at me må verta utfria frå dei uliklege og vonde menneskje; for trui er ikkje kvar manns sak.
II T NorSMB 3:3  Men Herren er trufast, han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.
II T NorSMB 3:4  Me hev den tiltru til dykk i Herren, at de både gjer og kjem til å gjera det som me byd dykk.
II T NorSMB 3:5  Men Herren styre dykkar hjarto til å elska Gud og til å venta på Kristus med tolmod!
II T NorSMB 3:6  Men me byd dykk, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de held dykk frå kvar ein bror som ferdast uskipeleg og ikkje etter den lærdom som de fekk av oss.
II T NorSMB 3:7  For de veit sjølve korleis de skal etterfylgja oss; for me livde ikkje uskipeleg millom dykk;
II T NorSMB 3:8  og me åt ikkje heller brød hjå nokon for inkje, men i strev og møda arbeidde me natt og dag, for at me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla,
II T NorSMB 3:9  ikkje for det at me ikkje hev rett til det, men at me kunde gjeva dykk eit fyredøme i oss sjølve, so de skulde etterfylgja oss;
II T NorSMB 3:10  for då me var hjå dykk, baud me dykk og dette, at um nokon ikkje vil arbeida, skal han heller ikkje eta.
II T NorSMB 3:11  Me høyrer nemleg at sume ferdast uskipeleg millom dykk, so dei ikkje arbeider, men fer med slikt som ikkje kjem deim ved.
II T NorSMB 3:12  Men slike byd og påminner me i Herren Jesus Kristus, at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød.
II T NorSMB 3:13  Men de, brør, vert ikkje trøytte av å gjera det som godt er!
II T NorSMB 3:14  Men um nokon ikkje lyder vårt ord her i brevet, so merk dykk honom; hav ikkje samkv me med honom, so han må blygjast!
II T NorSMB 3:15  og haldt honom ikkje for ein fiende, men påminn honom som ein bror!
II T NorSMB 3:16  Men han, fredsens Herre, gjeve dykk fred alltid i alle måtar! Herren vere med dykk alle!
II T NorSMB 3:17  Helsing med mi, Paulus’ hand, som er eit merke i kvart brev. Soleis skriv eg:
II T NorSMB 3:18  Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!