JONAH
Chapter 3
Jona | NorSMB | 3:2 | «Statt upp og gakk til Nineve, den store byen, og ropa ut yver honom dei ordi eg vil tala til deg!» | |
Jona | NorSMB | 3:3 | Og Jona stod upp og gjekk til Nineve, som Herren hadde sagt. Nineve var ein stor by for Gud, tri dagsleider lang. | |
Jona | NorSMB | 3:4 | Og Jona gjekk ei dagslei inn i byen og ropa og sagde: «Um fyrti dagar skal Nineve verta lagd i grus.» | |
Jona | NorSMB | 3:5 | Då trudde ninevitarne på Gud, lyste ut ei fasta og klædde seg i sekk både store og små. | |
Jona | NorSMB | 3:6 | Då saki kom for kongen i Nineve, reiste han seg frå sin kongsstol, lagde kappa av seg og sveipte seg i sekk og sette seg i oska. | |
Jona | NorSMB | 3:7 | Han let ropa ut i Nineve og segja: «Etter bod frå kongen og hans stormenner må korkje menneskje eller dyr, storfe eller småfe, smaka noko, beita eller drikka vatn. | |
Jona | NorSMB | 3:8 | Men dei skal sveipa seg i sekk, menneski med dyri, og ropa til Gud av all kraft og umvenda seg, kvar frå sin vonde veg og frå den urett som er i deira hender. | |
Jona | NorSMB | 3:9 | Kven veit? Gud kunde då venda um og angra det, venda um frå den brennande vreide sin, so me ikkje gjeng under.» | |