Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
REVELATION OF JOHN
Prev Up Next
Chapter 20
Reve NorSMB 20:1  Og eg såg ein engel stige ned frå himmelen, som hadde lykelen til avgrunnen og ei stor lekkja i handi si.
Reve NorSMB 20:2  Og han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt honom for tusund år
Reve NorSMB 20:3  og kasta honom i avgrunnen og læste honom inne og sette innsigle yver honom, so han ikkje lenger skulde dåra folki, til dess dei tusund år var fullenda. Og etter den tid skal han verta løyst ei liti stund.
Reve NorSMB 20:4  Og eg såg stolar, og dei sette seg på deim, og det vart gjeve deim magt til å halda dom; og eg såg deira sjæler som var halshogne for Jesu vitnemål og Guds ord skuld, og deim som ikkje hadde tilbede dyret eller bilætet av det, og ikkje teke merket på panna si og på handi si; og dei vart livande og rådde saman med Kristus i tusund år.
Reve NorSMB 20:5  Men dei andre daude vart ikkje livande att, fyrr dei tusund år var fullenda. Dette er den fyrste uppstoda.
Reve NorSMB 20:6  Sæl og heilag er den som hev lut i den fyrste uppstoda; yver deim hev den andre dauden ingi magt, men dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda saman med honom i tusund år.
Reve NorSMB 20:7  Og når dei tusund åri er fullenda, skal Satan verta løyst ut or sitt fengsel,
Reve NorSMB 20:8  og han skal ganga ut og dåra folki ved dei fire jordhyrno, Gog og Magog, og føra deim saman til strid, og talet på deim er som havsens sand.
Reve NorSMB 20:9  Og dei drog upp på den vide jordflata og kringsette lægret åt dei heilage og den byen som Gud elska. Og det fall eld ned ifrå himmelen frå Gud og øydde deim.
Reve NorSMB 20:10  Og djevelen, som hadde dåra deim, vart kasta i sjøen med eld og svåvel, der dyret og den falske profeten var; og dei skal verta pinte dag og natt i all æva.
Reve NorSMB 20:11  Og eg såg ein stor kvit kongsstol, og honom som sat derpå; og jordi og himmelen flydde frå hans åsyn, og det fanst ikkje nokon stad for deim.
Reve NorSMB 20:12  Og eg såg dei daude, små og store, standa framfor Gud, og bøker vart opna, og ei onnor bok vart opna, det er livsens bok. Og dei daude vart dømde etter det som var skrive i bøkerne, etter gjerningarne sine.
Reve NorSMB 20:13  Og havet gav att dei daude som var i det, og dauden og helheimen gav att dei daude som var i deim, og dei vart dømde kvar etter sine gjerningar.
Reve NorSMB 20:14  Og dauden og helheimen vart kasta i eldsjøen. Dette er den andre dauden: eldsjøen.
Reve NorSMB 20:15  Og dersom nokon ikkje vart funnen uppskriven i livsens bok, so vart han kasta i eldsjøen.