REVELATION OF JOHN
Chapter 6
Reve | NorSMB | 6:1 | Og eg såg då Lambet opna eit av dei sju innsigli, og eg høyrde eit av dei fire livendi segja som med torerøyst: «Kom!» | |
Reve | NorSMB | 6:2 | Og eg såg, og sjå, ein kvit hest; og han som sat på honom, hadde ein boge, og det vart gjeve honom ei kruna, og han drog ut med siger og til siger. | |
Reve | NorSMB | 6:4 | Og det kom ut ein annan hest, som var raud, og honom som sat på honom, vart det gjeve å taka freden burt frå jordi, og at dei skulde slagta kvarandre; og det var gjeve honom eit stort sverd. | |
Reve | NorSMB | 6:5 | Og då det opna det tridje innsiglet, høyrde eg det tridje livendet segja; «Kom!» Og eg såg, og sjå, ein svart hest; og han som sat på honom, hadde ei vegt i handi. | |
Reve | NorSMB | 6:6 | Og eg høyrde liksom ei røyst midt imillom dei fire livendi, som sagde: «Eit mål kveite for ein pening, og tri mål bygg for ein pening; men oljen og vinen skal du ikkje skada.» | |
Reve | NorSMB | 6:7 | Og då det opna det fjorde innsiglet, høyrde eg røysti av det fjorde livendet, som sagde: «Kom!» | |
Reve | NorSMB | 6:8 | Og eg såg, og sjå, ein gul hest; og han som sat på honom, hans namn var Dauden, og helheimen fylgde med honom: og det vart gjeve deim magt yver fjordeparten av jordi til å drepa med sverd og med svolt og med sott og ved villdyri på jordi. | |
Reve | NorSMB | 6:9 | Og då det opna det femte innsiglet, såg eg under altaret deira sjæler som var myrde for Guds ord og det vitnemål skuld som dei hadde. | |
Reve | NorSMB | 6:10 | Og dei ropa med høg røyst og sagde: «Herre, du heilage og sannordige, kor lenge drygjer du fyrr du held dom og hemner blodet vårt på deim som bur på jordi?» | |
Reve | NorSMB | 6:11 | Og det vart gjeve deim kvar ein lang, kvit kjole, og det vart sagt deim at dei skulde slå seg til ro endå ei liti stund, til dess talet vart fullt på deira medtenarar og brør som skulde verta ihelslegne liksom dei. | |
Reve | NorSMB | 6:12 | Og eg såg då det opna det sette innsiglet, og sjå, det vart ein stor jordskjelv, og soli vart svart som ein hårsekk, og månen vart som blod. | |
Reve | NorSMB | 6:13 | Og stjernorne på himmelen fall ned på jordi, liksom eit fiketre kastar sine umogne fikor ned når det vert rist av sterk vind. | |
Reve | NorSMB | 6:14 | Og himmelen kvarv i hop som ein bokrull som vert samanrulla, og kvart fjell og kvar øy vart flutt frå sin stad. | |
Reve | NorSMB | 6:15 | Og kongarne på jordi og stormennerne og herhovdingarne og dei rike og dei velduge og kvar træl og kvar fri mann gøymde seg i holor og i berghamrar. | |
Reve | NorSMB | 6:16 | Og dei segjer til fjelli og hamrarne: «Fall yver oss og gøym oss for hans åsyn som sit på kongsstolen og for vreiden til Lambet! | |