ZECHARIAH
Chapter 12
Zech | NorSMB | 12:1 | Ei framsegn, Herrens ord um Israel. So segjer Herren som spana ut himmelen, grunnfeste jordi og skaper ånd i mannebarm: | |
Zech | NorSMB | 12:2 | Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folki rundt ikring, og jamvel yver Juda skal det koma når Jerusalem vert kringsett. | |
Zech | NorSMB | 12:3 | På den dagen skal eg gjera Jerusalem til ein lyftestein for alle folki; alle dei som lyfter på honom, skal riva seg sund, og alle folki på jordi skal flokka seg imot det. | |
Zech | NorSMB | 12:4 | På den dagen, segjer Herren, skal eg slå alle hestarne med villska og hestfolki med vitløysa; men yver Judas hus skal eg vaka, og alle hestarne åt folki slær eg med blindskap. | |
Zech | NorSMB | 12:5 | Då skal ættehovdingane i Juda segja med seg sjølve: «Vår styrke er dei som bur i Jerusalem, ved Herren, allhers drott, deira Gud.» | |
Zech | NorSMB | 12:6 | På den dagen skal eg lata ættehovdingarne i Juda verta liksom ei glodpanna i ein vedhaug og ein brennande kyndel midt i ein halmdunge, og dei skal brenna upp alle folki rundt ikring; men Jerusalem skal framleides bu trygt på sin stad, i Jerusalem. | |
Zech | NorSMB | 12:7 | Og fyrst skal Herren frelsa tjeldi åt Juda, so ikkje Davids hus og dei som bur i Jerusalem, skal få større heider enn Juda. | |
Zech | NorSMB | 12:8 | På den dagen skal Herren halda skjolden sin yver deim som bur i Jerusalem, og den veikaste stakkaren millom deim skal på den dagen vera som David, og Davids hus som Gud, som Herrens engel framfyre deim. | |
Zech | NorSMB | 12:9 | Og på den dagen skal eg trå etter å tyna alle heidningfolki som fer imot Jerusalem. | |
Zech | NorSMB | 12:10 | Men yver Davids hus og yver deim som bor i Jerusalem, skal eg renna ut nåde-anden og bøne-anden, so dei ser upp til meg som dei hev gjenomstunge, og dei skal syrgja på honom som ein syrgjer på den einborne, og klaga sårt som ein klagar yver fyrstefødde sonen. | |
Zech | NorSMB | 12:11 | På den dagen skal jammeren verta stor i Jerusalem liksom jammeren ved Hadadrimmon på Megiddosletta. | |
Zech | NorSMB | 12:12 | Og landet skal syrgja, kvar ættgrein for seg: ættgreini frå Davids hus for seg og deira kvinnor for seg, ættgreini frå Natans hus for seg og deira kvinnor for seg, | |
Zech | NorSMB | 12:13 | ættgreini frå Levis hus for seg og deira kvinnor for seg, Sime’is ættgrein for seg og deira kvinnor for seg; | |