I PETER
Chapter 5
I Pe | NorSMB | 5:1 | Dei eldste millom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som og hev lut i den herlegdomen som skal openberrast: | |
I Pe | NorSMB | 5:2 | Gjæt den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvminnt, ikkje for ei skamleg vinning, men med hug, | |
I Pe | NorSMB | 5:3 | ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydarne, men so at de vert fyredøme for hjordi. | |
I Pe | NorSMB | 5:5 | Like eins skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de klæda dykk i audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. | |
I Pe | NorSMB | 5:8 | Ver ædrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa; | |
I Pe | NorSMB | 5:9 | statt honom imot, trauste i trui, sidan de veit at dei same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi! | |
I Pe | NorSMB | 5:10 | Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk. | |
I Pe | NorSMB | 5:12 | Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg han er - skriv eg stutt til dykk og påminner og vitnar at dette er Guds sanne nåde, som de stend i. | |