JONAH
Chapter 2
Jona | NorSMB | 2:1 | Men Herren sende ein stor fisk, som gløypte Jona; og Jona var i buken åt fisken i tri dagar og tri næter. | |
Jona | NorSMB | 2:3 | han sagde: «Eg ropa til Herren i mi naud, og han svara meg. Frå helheims buk ropa eg, og du høyrde mi røyst. | |
Jona | NorSMB | 2:4 | Du kasta meg i djupet, midt i havet, og straumar kringsette meg, alle dine bylgjor og brot gjekk yver meg. | |
Jona | NorSMB | 2:5 | Eg tenkte då: «Burt frå dine augo er eg støytt. Like vel, ditt heilage tempel skal eg atter få sjå.» | |
Jona | NorSMB | 2:6 | Vatni kringa seg um meg like til sjæli. Djupet kringsette meg; tang sveipte seg um hovudet mitt. | |
Jona | NorSMB | 2:7 | Like til bergbotnarne sokk eg ned. Slåerne til jordi stengdest bak meg for alltid. Men du førde mitt liv upp or gravi, Herre, min Gud! | |
Jona | NorSMB | 2:8 | Då mi sjæl ormegtast i meg, kom eg Herren i hug, og mi bøn kom til deg i ditt heilage tempel. | |