Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
SONG OF SOLOMON
1 2 3 4 5 6 7 8
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
Song NorSMB 3:1  «Eg leita på kvila um natt etter honom som leikar i min hug. Eg leita, men honom ikkje fann.
Song NorSMB 3:2  Eg vil upp og sviva gjenom by, fara i gator, yver torg, og søkja han som leikar i min hug. Eg leita, men honom ikkje fann.
Song NorSMB 3:3  Eg vaktar møtte, som i byen sveiv. «Hev de set han som leikar i min hug?»
Song NorSMB 3:4  Snaudt hadd’ eg kome framum deim, då eg fann han som leikar i min hug. Eg heldt han og eg slepte han ’kje laus, fyrr eg fekk han i huset hennar mor, inn i kleven hennar som meg åtte.
Song NorSMB 3:5  Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, ved gasellor og hindar i skog, at ikkje de vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil.»
Song NorSMB 3:6  «Kven er ho, som frå heidi stig upp, lik kvervlande røyk, umfløymd av angande myrra, av røykje og dåm-urter alle?
Song NorSMB 3:7  Sjå Salomos båra det er med seksti kjempor ikring, dei av Israels herkjempor er.
Song NorSMB 3:8  Dei alle er væpna med sverd og er røynde i strid. Kvar ein ber sverdet ved lend imot rædslor um natt.
Song NorSMB 3:10  Han av sylv heve stolparne gjort og karmen av gull, der er purpurlagd sess. Inni prydd - ei kjærleiksgåva frå Jerusalems døtter.
Song NorSMB 3:11  Gakk ut og sjå, de Sions døtter, på kong Salomo, med kruna han fekk av si mor på sin brudlaupsdag, på sin hjarte-fagnads dag.»