Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I THESSALONIANS
1 2 3 4 5
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 1
I Th NorSMB 1:1  Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud Fader og Herren Jesus Kristus: Nåde vere med dykk og fred!
I Th NorSMB 1:2  Me takkar alltid Gud for dykk alle, når me kjem dykk i hug i bønerne våre,
I Th NorSMB 1:3  med di me uavlatande minnest dykkar verksemd i trui og arbeid i kjærleiken og tolmod i voni på vår Herre Jesus Kristus for vår Gud og Faders åsyn,
I Th NorSMB 1:4  då me er visse på at de er utvalde, brør, de som er elska av Gud.
I Th NorSMB 1:5  For vårt evangelium kom ikkje til dykk berre i ord, men og i kraft og i den Heilage Ande og i stor fullvissa, liksom de veit korleis me var millom dykk for dykkar skuld;
I Th NorSMB 1:6  og de vart etterfylgjarar til oss og til Herren då de tok imot ordet i myki trengsla med gleda i den Heilage Ande,
I Th NorSMB 1:7  so de vart eit fyredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.
I Th NorSMB 1:8  For ifrå dykk hev Herrens ord ljoda ut, ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader er dykkar tru på Gud komi ut, so me ikkje treng til å tala noko um det;
I Th NorSMB 1:9  for dei fortel sjølve um oss, kva inngang me fann hjå dykk, og korleis de vende dykk til Gud frå avgudarne, til å tena den livande og sanne Gud
I Th NorSMB 1:10  og venta på hans son frå himmelen, honom som han vekte upp frå dei daude, Jesus, som frelsar oss frå den komande vreiden.