Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I THESSALONIANS
1 2 3 4 5
Prev Up Next
Chapter 2
I Th NorSMB 2:1  For de veit sjølve, brør, um vår inngang hjå dykk, at han ikkje hev vore til fåfengs.
I Th NorSMB 2:2  Men endå me fyreåt hadde lide og vorte ille medfarne i Filippi, som de veit, fekk me då frimod i vår Gud til å tala Guds evangelium til dykk i stor strid.
I Th NorSMB 2:3  For vår forkynning kjem ikkje av villfaring eller av urein hug eller med svik.
I Th NorSMB 2:4  Men liksom me er haldne verdige av Gud til å få evangeliet yverlate, soleis talar me, ikkje som dei som vil tekkjast menneskje, men Gud, han som prøver hjarto våre.
I Th NorSMB 2:5  For korkje kom me noko sinn med smeikjande ord, som de veit, eller med fyrebering for havesykja, Gud er vitne,
I Th NorSMB 2:6  og ikkje heller søkte me æra av menneskje, korkje av dykk eller av andre, endå me kunde ha kravt vyrdnad som Kristi apostlar.
I Th NorSMB 2:7  Men me var milde millom dykk: Som ei mor vermer borni ved barmen,
I Th NorSMB 2:8  soleis var me i inderleg kjærleik til dykk viljuge til å gjeva dykk ikkje berre Guds evangelium, men og vårt eige liv med, av di de vart oss kjære.
I Th NorSMB 2:9  For de minnest då, brør, vårt stræv og vår møda: Medan me arbeidde natt og dag, so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla, forkynte me Guds evangelium for dykk.
I Th NorSMB 2:10  De er vitne, og Gud med, kor heilagt og rettferdigt og ulastande me ferdast hjå dykk, de truande!
I Th NorSMB 2:11  liksom de veit kor me påminte kvar og ein av dykk, som ein far borni sine, og lagde dykk på hjarta
I Th NorSMB 2:12  og bad dykk inderleg at de skulde ferdast so som verdigt er for Gud, som hev kalla dykk til sitt rike og sin herlegdom.
I Th NorSMB 2:13  Difor takkar me og uavlatande Gud for, at då de fekk det Guds ord me forkynte, so tok de imot det, ikkje som eit menneskje-ord, men - som det i sanning er - som eit Guds ord, som og ter seg verksamt i dykk som trur.
I Th NorSMB 2:14  For de, brør, hev vorte etterfylgjarar til dei Guds kyrkjelydar som er i Kristus Jesus i Judæa; for de hev og lide det same av dykkar eigne samættingar som dei hev lide av jødarne,
I Th NorSMB 2:15  som og slo Herren Jesus og profetarne i hel og forfylgde oss og ikkje er Gud til hugnad og stend alle menneskje imot,
I Th NorSMB 2:16  då dei meinkar oss i å tala til heidningarne, at dei kann verta frelste - so dei alltid må fylla sitt syndemål. Men vreiden hev endeleg nått deim.
I Th NorSMB 2:17  Men då me, brør, ei liti stund hadde vore skilde frå dykk med åsyn, ikkje med hjarta, so hev me i vår store lengting gjort oss so mykje større umak for å få sjå dykkar åsyn;
I Th NorSMB 2:18  for me hev vilja koma til dykk - eg, Paulus, både ein gong og tvo gonger - men Satan hindra oss derifrå.
I Th NorSMB 2:19  For kven er vel vår von eller gleda eller heiderskrans? Er ikkje de det og for vår Herre Jesu Kristi åsyn i hans tilkoma?