I THESSALONIANS
Chapter 5
I Th | NorSMB | 5:3 | Når dei segjer: «Fred og ingen f re!» då kjem ein brå undergang yver deim, liksom føderidi yver den som er med barn, og dei skal slett ikkje sleppa undan. | |
I Th | NorSMB | 5:5 | for de er alle born av ljoset og born av dagen; me høyrer ikkje natti eller myrkret til. | |
I Th | NorSMB | 5:7 | For dei som søv, dei søv um natti, og dei som drikk seg drukne, dei er drukne um natti; | |
I Th | NorSMB | 5:8 | men me som høyrer dagen til, lat oss vera ædrue, klædde med den brynja som er tru og kjærleik, og med voni um frelsa som ein hjelm! | |
I Th | NorSMB | 5:9 | For Gud etla oss ikkje til vreide, men til å vinna frelsa ved vår Herre Jesus Kristus, | |
I Th | NorSMB | 5:10 | han som døydde for oss, so me, anten me vaker eller søv, skal liva saman med honom. | |
I Th | NorSMB | 5:12 | Men me bed dykk, brør, at de skynar på deim som arbeider ibland dykk og er dykkar forstandarar i Herren og påminner dykk, | |
I Th | NorSMB | 5:13 | og at de vyrder deim storleg høgt i kjærleik for deira gjerning skuld! Haldt fred med kvarandre! | |
I Th | NorSMB | 5:14 | Og me legg dykk på hjarta, brør: Påminn dei uskipelege, trøysta dei vanmodige, hjelp dei veike, ver langmodige mot alle! | |
I Th | NorSMB | 5:15 | Sjå til at ingen gjev nokon vondt att for vondt, men stræva alltid etter det som godt er, både mot kvarandre og mot alle! | |
I Th | NorSMB | 5:23 | Men han sjølv, fredsens Gud, helga dykk heilt ut, og gjev at dykkar ånd og sjæl og likam må verta haldne fullkomne, ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem! | |