Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JUDGES
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next
Chapter 17
Judg NorSMB 17:2  Han sagde til mor si: «Dei elleve hundrad sylvdalarne som vart tekne frå deg - du lyste endå for den skuld ei våbøn, som eg høyrde på - dei pengarne er hjå meg; det er eg som hev teke deim; men no skal du få deim att.» «Herren velsigne deg, min son!» svara mori.
Judg NorSMB 17:3  So gav han dei elleve hundrad sylvdalarne att til mor si. Då sagde ho: «Desse pengarne vigjer eg no til Herren, og gjev deim frå meg til bate for deg, min son, so du kann gjera eit gudebilæte med eit støypt fotstykke til.»
Judg NorSMB 17:4  So tok ho tvo hundrad dalar av pengarne han kom att med, og gav deim til ein gullsmed, og han gjorde for deim eit gudsbilæte med eit støypt fotstykke til; det var sidan på garden hans Mika.
Judg NorSMB 17:5  Og Mika vart slik mann at han fekk seg eit gudshus, og let gjera ei gullkåpa og husgudar, og sette ein av sønerne sine til å vera prest for seg.
Judg NorSMB 17:6  I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar mann gjorde som han hadde hug til.
Judg NorSMB 17:7  Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda; han var av Levi-ætti, av den greini som åtte heime i Judafylket, og der heldt han til.
Judg NorSMB 17:8  Den mannen flutte burt frå byen sin, frå Betlehem i Juda, og vilde finna seg ein verestad kvar det kunde høva. På ferdi si kom han til Efraimsheidi og til garden hans Mika,
Judg NorSMB 17:9  og Mika spurde honom: «Kvar kjem du frå?» «Eg er ein levit frå Betlehem i Juda,» svara han, «og no er eg ute og ferdast, og vil finna meg ein verestad kvar det kann høva.»
Judg NorSMB 17:10  «Gjev deg til hjå meg!» sagde Mika, «og ver far og prest for meg! Eg skal gjeva deg ti sylvdalar for året, og halda deg med kost og klæde.» So steig leviten innanfor.
Judg NorSMB 17:11  Han gjekk med på å vera hjå mannen, og vart som ein av sønerne hans.
Judg NorSMB 17:12  Mika feste den unge leviten til prest for seg, og han vart verande i huset hans Mika.
Judg NorSMB 17:13  «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg,» sagde Mika, «sidan eg hev fenge ein levit til prest.»