JUDGES
Chapter 3
Judg | NorSMB | 3:1 | No skal me nemna dei folki som Herren let vera att til å røyna Israel med - dei Israels-mennerne som ikkje hadde vore med i nokon av Kana’ans-krigarne - | |
Judg | NorSMB | 3:2 | berre av di han vilde dei komande Israels-ætter skulde få vit på å strida, og vilde læra deim det, deim som ikkje kunde det fyrr. | |
Judg | NorSMB | 3:3 | Det var dei fem filistarfyrstarne og alle kananitarne og sidonarane og hevitarne som budde på Libanonfjelli, frå Ba’al-Hermonfjellet til Hamatvegen. | |
Judg | NorSMB | 3:4 | Deim var det Israel skulde røynast med, so det kunde syna seg um dei vilde lyda Herrens bod, som Moses hadde kunngjort federne deira. | |
Judg | NorSMB | 3:5 | So budde no Israels-sønerne midt ibland kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne; | |
Judg | NorSMB | 3:6 | dei tok døtterne deira til konor og gav døtterne sine til sønerne deira, og dyrka gudarne deira. | |
Judg | NorSMB | 3:7 | Israels-sønerne gjorde det som var Herren imot; dei gløymde Herren, sin Gud, og dyrka Ba’als- og Astarte-bilæti. | |
Judg | NorSMB | 3:8 | Då vart Herren brennande harm på Israels-sønerne; han slepte deim i henderne på Kusan-Risatajim, kongen i Aram-Naharajim, og Israel laut tena Kusan-Risatajim i åtte år. | |
Judg | NorSMB | 3:9 | Då ropa Israels-sønerne til Herren, og Herren let ein hjelparmann standa fram hjå deim og hjelpa deim; det var Otniel, son åt Kenaz, Kalebs yngre bror. | |
Judg | NorSMB | 3:10 | Herrens Ande kom yver honom, og han tok styringi i Israel. So drog han ut i striden, og Herren gav Kusan-Risatajim, Aram-kongen, i henderne hans; han vann yver Kusan-Risatajim, | |
Judg | NorSMB | 3:12 | Men Israels-sønerne gjorde på nytt det som var Herren imot, og Herren gav Eglon, Moabs-kongen, magt yver deim, for di dei gjorde det som var Herren imot. | |
Judg | NorSMB | 3:13 | Eglon fekk med seg Ammons-sønerne og amalekitarne; so drog han ut, og slo Israel, og dei tok Palmestaden. | |
Judg | NorSMB | 3:15 | Då ropa dei til Herren, og Herren sende dei ein hjelpar, Ehud Gerason av Benjamins-ætti, ein keivhendt mann. Israels-sønerne sende Ehud med gåvor til Eglon, kongen i Moab. | |
Judg | NorSMB | 3:16 | Då gjorde han seg eit sverd som var tvieggja og ei aln langt, og spente det på seg under klædi sine, på høgre sida; | |
Judg | NorSMB | 3:18 | Då Ehud hadde greidt frå seg gåvorne, let han folki som hadde bore deim fara heim att; | |
Judg | NorSMB | 3:19 | men sjølv snudde han um ved gudebilæti som stod innmed Gilgal, og for attende og sagde: «Eg hev eit løyndarbod til deg, konge!» «Hyss,» sagde kongen: Då gjekk dei ut alle deim som stod kringom honom. | |
Judg | NorSMB | 3:20 | Som han no sat åleine i den svale høgstova si, gjekk Ehud fram for honom og sagde: «Eg hev eit bod til deg frå Gud!» Då reiste han seg av stolen. | |
Judg | NorSMB | 3:21 | Og Ehud rette ut vinstre handi, og greip sverdet han bar ved høgre sida, og rende det i livet på honom, | |
Judg | NorSMB | 3:22 | so handtaket for med inn etter bladet; og feittet gjekk i hop att kring bladet; for han drog ikkje sverdet ut att or livet hans. So gjekk han ut i svali. | |
Judg | NorSMB | 3:23 | Då Ehud var komen ut i svalgangen, let han høgelofts-døri att etter seg, og stengde henne vel, | |
Judg | NorSMB | 3:24 | og so gjekk han sin veg. Straks etter kom tenarane, men då dei såg at døri var læst, sagde dei: «Han er visst for seg sjølv i svalkammerset!» | |
Judg | NorSMB | 3:25 | Dei venta til dei var reint leide av seg; men han let ikkje upp døri til høgeloftet. So tok dei lykelen, og let upp; då fekk dei sjå at herren deira låg livlaus på golvet. | |
Judg | NorSMB | 3:27 | Då han kom til Efraimsheidi, bles han i luren; då for Israels-sønerne med han ned av heidi, og han gjekk fyre. | |
Judg | NorSMB | 3:28 | «Skunda dykk etter meg!» sagde han: «For Herren hev gjeve fiendarne, moabitarne, i henderne dykkar.» So fylgde dei honom ned til Jordan, og stengde vadi for moabitarne, og let ingen sleppa yver. | |
Judg | NorSMB | 3:29 | Den gongen felte dei ikring ti tusund moabitar, som alle var sterke og djerve menner; ikkje ein kom seg undan. | |
Judg | NorSMB | 3:30 | Moab laut den dagen bøygja seg under Israels velde, og sidan hadde landet fred i åtteti år. | |