MICAH
Chapter 3
Mica | NorSMB | 3:1 | Og eg sagde: Høyr, de Jakobs hovdingar, og de fyrstar for Israels hus! Høyrer det ikkje dykk til å vita kva som er rett? | |
Mica | NorSMB | 3:2 | De som hatar det gode og elskar det vonde, de som flår skinnet av folk og kjøtet av beini deira, | |
Mica | NorSMB | 3:3 | de som et mitt folks kjøt og riv hudi av deim, og beini deira bryt de sund, og breider deim ut liksom i ei gryta, liksom kjøtet ein legg i panna. | |
Mica | NorSMB | 3:4 | Då skal dei ropa til Herren; men han skal ikkje svara deim; dylja skal han si åsyn for deim på den tidi, av di dei gjorde det som vondt var i si åtferd. | |
Mica | NorSMB | 3:5 | Soleis talar Herren mot dei profetarne som vildrar folket mitt, mot deim som ropar: «Fred!» når dei fær noko å bruka tennerne sine på, men som eggjar til heilag strid mot deim som ikkje stikk dei noko i munnen. | |
Mica | NorSMB | 3:6 | Difor skal natt koma yver dykk utan syn, og myrker utan spådom. Ja, soli skal ganga ned yver profetarne, og dagen skal verta myrk yver deim. | |
Mica | NorSMB | 3:7 | Og sjåarane skal skjemmast, og spåmennerne blygjast; dei alle skal hylja skjegget sitt, sidan det ikkje kjem noko svar frå Gud. | |
Mica | NorSMB | 3:8 | Men eg, eg er full av kraft ved Herrens ande og av rettskjensla og mannsmod, so eg kann vitna for Jakob um hans fråfall og for Israel um hans synd. | |
Mica | NorSMB | 3:9 | Høyr dette, de hovdingar for Jakobs hus, og de fyrstar for Israels hus, de som styggjest ved det som er rett og krøkjer alt som er beint, | |
Mica | NorSMB | 3:11 | hovdingarne der dømer for mutor, prestarne lærer for løn, og profetarne spår for pengar, alt medan dei styd seg på Herren og segjer: «Er ikkje Herren midt imillom oss? Det kjem ingi ulukka yver oss.» | |