MICAH
Chapter 1
Mica | NorSMB | 1:1 | Herrens ord, som kom til Mika frå Moreset i dei dagarne då Jotam og Ahaz og Hizkia var kongar i Juda, det som han såg um Samaria og Jerusalem. | |
Mica | NorSMB | 1:2 | Høyr, de folk, alle i hop! Lyd etter, du jord og alle som på deg bur! No vil Herren, Herren vitna imot dykk, Herren frå sitt heilage tempel. | |
Mica | NorSMB | 1:3 | For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og trøder på haugarne på jordi. | |
Mica | NorSMB | 1:4 | Og fjelli brånar under føterne hans, og dalarne rivnar - som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfyre ein hamar. | |
Mica | NorSMB | 1:5 | Og alt dette fær me for Jakobs fråfall, for dei synder som Israels hus hev gjort. Kven er so skuld i Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kven er skuld i Judas offerhaugar? Er det ikkje Jerusalem? | |
Mica | NorSMB | 1:6 | So vil eg då gjera Samaria til ei steinrøys på marki, til ein vinplantingsstad. Eg vil velta steinarne hennar ned i dalen og leggja grunnvollarne hennar berre. | |
Mica | NorSMB | 1:7 | Alle dei utskorne bilæti hennar vil eg krasa; alle horegåvorne hennar vil eg brenna upp med eld; og alle gudebilæti hennar vil eg øyda; for av horeløn hev ho samla deim i hop, og til horeløn skal dei atter verta. | |
Mica | NorSMB | 1:8 | For dette vil eg øya og jamra, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil øya som sjakalarne og gjeva syrgjelåt som strussarne. | |
Mica | NorSMB | 1:9 | For såri hennar let seg ikkje lækja, for det kjem radt til Juda, det når til porten åt folket mitt, radt til Jerusalem. | |
Mica | NorSMB | 1:11 | Burt med dykk, de som bur i Sjafir, nækte og skjemde! Folket i Sa’anan vågar seg ikkje ut. Jamringi i Bet-ha-Esel gjer det rådlaust for dykk å stogga der. | |
Mica | NorSMB | 1:12 | For dei som bur i Marot, lengtar etter lukka; for ulukka hev fare ned frå Herren til porten i Jerusalem. | |
Mica | NorSMB | 1:13 | Beit tråvaren for vogni, de som bur i Lakis! de var upphavet til syndi for dotteri Sions; for hjå dykk vart Israels fråfall fyrst funne. | |
Mica | NorSMB | 1:14 | Difor lyt du gjeva Moreset-Gat skilsmålsbrev. Husi i Akzib vert ein svikal bekk for Israels kongar. | |
Mica | NorSMB | 1:15 | Endå ein gong let eg landvinnaren koma yver dykk som bur i de Maresa. Radt til Adullam skal Israels herlegdom koma. | |