ZECHARIAH
Chapter 4
Zech | NorSMB | 4:1 | Sidan kom engelen som tala med meg, og vekte meg att liksom ein mann vert vekt or svevnen, | |
Zech | NorSMB | 4:2 | og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er heilt av gull, med oljeskåli si på toppen og sine sju lampor, og med sju røyrer som gjeng til lamporne der ovantil, | |
Zech | NorSMB | 4:3 | og tvo oljetre stend attved, eitt på høgre sida av oljeskåli og eitt på vinstre sida.» | |
Zech | NorSMB | 4:4 | Og eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva skal desse ting tyda, herre?» | |
Zech | NorSMB | 4:5 | Engelen som tala med meg, svara og sagde til meg: «Skynar du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre?» | |
Zech | NorSMB | 4:6 | Då tok han til ords og sagde til meg: «Dette er Herrens ord til Zerubbabel: Ikkje med magt og ikkje med kraft, men med min ande, segjer Herren, allhers drott. | |
Zech | NorSMB | 4:7 | Kven er du, du store fjell som reiser deg mot Zerubbabel? Jamna deg ut til ei sletta! Han skal føra fram toppsteinen medan dei ropar: «Nåde, nåde vere med honom!»» | |
Zech | NorSMB | 4:9 | Zerubbabels hender hev tufta dette huset; hans hender skal ogso fullenda det, og du skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til dykk. | |
Zech | NorSMB | 4:10 | For kven vil vanvyrda dagen som tok til i det små, når desse sju med gleda ser blyloddet i Zerubbabels hand, desse Herrens augo som fer ikring yver heile jordi? | |
Zech | NorSMB | 4:11 | Då tok eg til ords og sagde til honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljetrei på høgre og vinstre sida av ljosestaken?» | |
Zech | NorSMB | 4:12 | Og eg tok atter til ords og spurde honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljegreinerne tett attved dei tvo gullrøyrerne som det renn gull ned ifrå?» | |
Zech | NorSMB | 4:13 | Då sagde han til meg: «Kva? Veit du ikkje kva desse skal tyda?» Eg svara: «Nei, herre.» | |