Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ZECHARIAH
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
Prev Up Next
Chapter 7
Zech NorSMB 7:1  I det fjorde styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord til Zakarja, på den fjorde dagen i den niande månaden, i månaden kislev.
Zech NorSMB 7:2  Då sende Betel Sareser og Regem-Melek og mennerne hans av stad til å blidka Herren
Zech NorSMB 7:3  og spyrja prestarne i huset åt Herren, allhers drott, og profetarne: «Skal eg gråta og fasta i den femte månaden som me hev gjort no i mange, mange år?»
Zech NorSMB 7:4  Då kom ordet frå Herren, allhers drott, til meg soleis:
Zech NorSMB 7:5  Seg du til alt folket i landet og til prestarne: Når de no i sytti år hev halde faste- og gråtedagar i femte og sjuande månaden, er det då for meg de hev fasta?
Zech NorSMB 7:6  Og når de et, og når de drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?
Zech NorSMB 7:7  Var det ikkje dei ordi Herren kunngjorde gjenom dei fyrre profetarne, då folk budde i fred og tryggleik i Jerusalem og i landsbyarne rundt ikring, og i Sudlandet og Låglandet like eins?
Zech NorSMB 7:9  Soleis tala Herren, allhers drott: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame mot kvarandre!
Zech NorSMB 7:10  Enkjor og farlause, framandfolk og fatige må de ikkje vera harde med, og ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar!
Zech NorSMB 7:11  Men dei vilde ikkje høyra, og dei sette ein stiv nakke imot; dei gjorde øyro sine dauve, so dei skulde sleppa å høyra,
Zech NorSMB 7:12  ja, hjarto sine gjorde dei harde som demant, so dei skulde sleppa å høyra lovi og dei ordi som Herren, allhers drott, sende ved sin ande gjenom dei fyrre profetarne. Då kom det ein stor vreide frå Herren, allhers drott.
Zech NorSMB 7:13  Og av di dei ikkje vilde høyra når han ropa, so sagde no Herren, allhers drott: Eg vil ikkje høyra når dei ropar;
Zech NorSMB 7:14  men eg skal føykja deim burt millom alle heidningfolki som dei ikkje kjenner, og landet skal liggja audt etter deim, so ingen fer att og fram. Soleis gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.