Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ECCLESIASTES
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 11
Eccl NorSMB 11:1  Send brødet ditt burt yver vatnet; for lenge etterpå finn du det att.
Eccl NorSMB 11:2  Skift ut til sju, ja til åtte, for du veit ikkje kva ilt som kann koma yver jordi.
Eccl NorSMB 11:3  Når skyerne av regn vert fulle, so tømer dei det ut på jordi, og um eit tre dett imot sud ell’ nord - der treet dett, der vert det liggjande.
Eccl NorSMB 11:4  Den som agtar på vinden, kjem ei til å så, og den som på skyerne ser, kjem ikkje til å hausta.
Eccl NorSMB 11:5  Liksom du ikkje veit kva veg vinden fer, eller korleis beini vert til i hennar liv som er med barn, soleis kjenner du ikkje heller Gud gjerning, han som gjer alt.
Eccl NorSMB 11:6  Så ditt sæde um morgonen, og ei kvile handi i kveldingi! For du veit ikkje kva som vil lukkast av dette og hitt, eller um båe måtar er godt.
Eccl NorSMB 11:7  Ljuvlegt er ljoset, og augo hev godt av soli å sjå.
Eccl NorSMB 11:8  Ja, um ein mann liver mange år, so skal han gleda seg i deim alle, men minnast dei myrke dagar og vert mange. Alt som koma skal, er fåfengt.
Eccl NorSMB 11:9  Gled deg, du ungdom, med du er ung, ver godt i laget i ungdoms-åri, og far dei vegar som hugen vil, og fylg det som lokkar augo. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.
Eccl NorSMB 11:10  Få gremmelse ut or hugen din, haldt liding burte frå likamen din! for ungdom og morgonrode er fåfengd.