Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ECCLESIASTES
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 12
Eccl NorSMB 12:1  Og tenk på din skapar i ungdomsdagarne, fyrr dei vonde dagarne kjem, og det lid til dei åri då du lyt segja: «Eg likar deim ikkje;»
Eccl NorSMB 12:2  fyrr soli myrkjest, og ljoset og månen og stjernorne, og skyer kjem att etter regnet;
Eccl NorSMB 12:3  den tid då hus-vaktmennerne skjelv, og dei kraftige mennerne krøkjest, og håndkvern-gjentorne skoftar for dei er so få, og dei som ser ut gjenom gluggarne dimmest,
Eccl NorSMB 12:4  og gatedørerne stengdest med kverne-duren spaknar; då ein ris upp med fyrste fuglekvitring, og alle songmøyar lågmælte vert;
Eccl NorSMB 12:5  då ein og er rædd for kvar ein bakke, og skræmslor ventar på vegen, og mandeltreet blømer, og grashoppen karar seg fram, og kapersberet dovnar; for menneskja fer til sitt æve-hus, og gråtarane gjeng ikring på gata; -
Eccl NorSMB 12:6  fyrr sylvsnori slitnar, og gullskåli brotnar, og krukka ved kjelda gjeng sund, og hjulet dett brotna i brunnen,
Eccl NorSMB 12:7  og moldi fer atter til jordi som fyrr ho var, og åndi gjeng atter til Gud som ho gav.
Eccl NorSMB 12:8  Fåfengt, fåfengt! segjer Preikaren, alt er fåfengt!
Eccl NorSMB 12:9  Umfram det at Preikaren var ein vismann, lærde han og folket kunnskap, og grunda og granska, han sette i hop mange ordtøke.
Eccl NorSMB 12:10  Preikaren freista å finna vænleiks-ord, ærleg uppskrivne, sanningsord.
Eccl NorSMB 12:11  Ord av vismenner er som broddar, og i samling er dei som islegne spikrar; dei er gåva frå ein og same hyrdingen.
Eccl NorSMB 12:12  Men elles, son min, lat deg vara åt. Det er ingen ende på all bokskrivingi, men mykje gransking armar ut kroppen.
Eccl NorSMB 12:13  Endelykti er dette, når du hev høyrt alt: Ottast Gud og haldt hans bodord! Det er målet for alle menneskje.
Eccl NorSMB 12:14  For kvar gjerning vil Gud føra fram for domen yver alt det som løynt er, anten det so er godt eller vondt.