ECCLESIASTES
Chapter 10
| Eccl | NorSMB | 10:1 | Eiterflugor set illtev og æsing i salven åt salvemakeren; ein grand dårskap veg meir enn visdom, meir enn æra. | |
| Eccl | NorSMB | 10:3 | Og kvar helst dåren gjeng, tryt vitet hans, og han segjer frå til kvar og ein at han er ein dåre. | |
| Eccl | NorSMB | 10:4 | Um hovdings vreide reiser seg mot deg, so gakk ikkje frå din post! For roleg åtferd hindrar mange synder. | |
| Eccl | NorSMB | 10:5 | Det er ei ulukka som eg hev set under soli liksom eit mistak som kjem frå ein magthavar: | |
| Eccl | NorSMB | 10:10 | Når øksi ikkje bit og han ei slipar eggi, då lyt han bruka dess meir magt. Men visdomen veit å vøla til. | |
| Eccl | NorSMB | 10:14 | Dåren brukar mange ord, endå ingen mann veit kva som henda skal, og kva som etter hans tid henda skal, kven kann segja honom det? | |
| Eccl | NorSMB | 10:16 | Usælt er du land som hev eit barn til konge, og fyrstar som held etarlag um morgonen! | |
| Eccl | NorSMB | 10:17 | Sælt er du land som hev ein adelboren konge, og fyrstar som held sine mål i rette tid på kara-vis og ei med fyll! | |