Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ECCLESIASTES
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 1
Eccl NorSMB 1:1  Ord av Preikaren, son åt David, konge i Jerusalem.
Eccl NorSMB 1:2  Fåfengt, fåfengt! segjer Preikaren, fåfengt, fåfengt! Alt er fåfengt.
Eccl NorSMB 1:3  Kva vinning hev mannen av alt si møda som han møder seg med under soli?
Eccl NorSMB 1:4  Ætt gjeng, og ætt kjem, medan jordi æveleg stend.
Eccl NorSMB 1:5  Og soli renn, og soli glar, og ho skundar seg att til staden sin der som ho plar renna.
Eccl NorSMB 1:6  Vinden gjeng imot sud og snur seg mot nord, han snur seg og snur seg og kjem attende til kringlaupet sitt.
Eccl NorSMB 1:7  Alle elvar renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt, dit som elvarne fyrr hev runne, held dei alltid på å renna.
Eccl NorSMB 1:8  Allting strevar so ingen det ut kann segja, ikkje vert auga mett av å sjå, og ikkje vert øyra fyllt av å høyra.
Eccl NorSMB 1:9  Det som hev vore, er det som skal vera, og det som hev hendt, er det som skal henda; det finst inkje nytt under soli.
Eccl NorSMB 1:10  Skulde dei segja um noko: «Sjå, dette er nytt!» - so hev det longe vore til i fordums tider som var fyre oss.
Eccl NorSMB 1:11  Me hev inkje minne um deim som fyrr hev livt, og dei som sidan skal koma, vil ikkje heller liva i minnet hjå deim som etterpå kjem.
Eccl NorSMB 1:12  Eg, Preikaren, var konge yver Israel i Jerusalem.
Eccl NorSMB 1:13  Eg lagde hugen på å granska og å ransaka med visdom alt det som hender under himmelen. Det er ei leid plåga som Gud hev gjeve mannsborni å plågast med.
Eccl NorSMB 1:14  Eg såg på alt det som hender under soli, og so var det fåfengt alt i hop og jag etter vind.
Eccl NorSMB 1:15  Det bogne kann ikkje beinkast, og det vantande kann ikkje reknast.
Eccl NorSMB 1:16  Eg tenkte med meg sjølv: «Sjå no hev eg vunne meg større og rikare visdom enn alle dei som hev rådt yver Jerusalem fyre meg, og hjarta mitt hev set visdom og kunnskap i rikt mål.»
Eccl NorSMB 1:17  Eg lagde hugen på å skyna visdomen og skyna vitløysa og dårskap. Men eg skyna at det var jag etter vind det og.
Eccl NorSMB 1:18  For med mykje visdom du mykje gremmest, og aukar du kunnskap, so aukar du kvida.