EZRA
Chapter 5
Ezra | NorSMB | 5:1 | Profeten Haggai og Zakarja Iddoson, profetarne, profetera for dei jødarne som var i Juda og Jerusalem; dei tala i namnet åt Israels Gud, som var nemnt yver deim. | |
Ezra | NorSMB | 5:2 | Då gjorde Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson seg reiduge og tok atter til å byggja på Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar studde uppunder og hjelpte deim. | |
Ezra | NorSMB | 5:3 | Då kom Tatnai, som var jarl på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne deira og dei sagde: «Kven er det som hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?» | |
Ezra | NorSMB | 5:5 | Men yver styresmennerne åt jødarne vakte auga åt deira Gud, og mennerne lova at dei ikkje skulde leggja noko vondt i vegen for strævet deira, so lenge Darius hadde set på saki og det var kome brev frå honom. | |
Ezra | NorSMB | 5:6 | Avskrift av det brevet som Tatnai, jarlen på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne hans, afarsakitarne, som budde på hi sida elvi, sende til kong Darius; | |
Ezra | NorSMB | 5:7 | for dei sende han ei melding til honom, og i den stod det: «Heil og sæl vere kong Darius! | |
Ezra | NorSMB | 5:8 | Vita skal kongen at me hev fare til fylket Juda, til huset åt den store Gud. Dette huset heldt dei no på og byggjer av store steinar, og legg bjelkar inn i murveggjerne. Arbeidet vert gjort med umhug og gjeng godt fram under henderne deira. | |
Ezra | NorSMB | 5:9 | Me spurde styresmennerne: «Kven hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?» | |
Ezra | NorSMB | 5:10 | Me spurde og kva dei heitte, so me skulde kunna nemna namni til deg, og skriva upp namni på dei mennerne som stod yver deim. | |
Ezra | NorSMB | 5:11 | Då svara dei oss soleis: «Me er tenarane hans som er Gud i himmelen og på jordi, og me set upp att det huset som ein stor konge i Israel bygde og fullførde for mange år siden. | |
Ezra | NorSMB | 5:12 | Men federne våre gjorde Gud i himmelen harm; difor gav han deim i henderne på Babels-kongen, kaldæaren Nebukadnessar; han lagde huset i øyde og tok folket med til Babel. | |
Ezra | NorSMB | 5:13 | Men kong Kyrus, i det fyrste året han styrde i Babylon, gav lov til å byggja upp att dette gudshuset. | |
Ezra | NorSMB | 5:14 | Kong Kyrus let og taka ut or templet i Babel dei kjerald av gull og sylv som Nebukadnessar hadde teke burt frå templet i Jerusalem og sidan sett inn i templet i Babel. Han gav deim til ein mann som heitte Sesbassar, som han hadde sett til jarl. | |
Ezra | NorSMB | 5:15 | Og til honom sagde han: «Tak desse kjerald og far av stad og set deim inn i templet i Jerusalem! for Guds hus skal byggjast upp att på den fyrre staden.» | |
Ezra | NorSMB | 5:16 | So kom då den same Sesbassar og lagde grunnen til Guds hus i Jerusalem. Dei hev bygt på det til denne tid, men endå er det ikkje ferdigt.» | |