EZRA
Chapter 2
Ezra | NorSMB | 2:1 | Her kjem talet på dei fylkesbuarne som for ut or utlægdi, dei som Babel-kongen Nebukadnessar hadde ført burt til Babel, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by. | |
Ezra | NorSMB | 2:2 | Dei fylgde Zerubbabel og Jesua, Nehemia og Seraja, Re’elaja og Mordekai, Bilsan og Mispar, Bigvai og Rehum og Ba’ana. - Dette er manntalet yver Israels-lyden: | |
Ezra | NorSMB | 2:42 | Av dørvaktar-sønerne: Sallums-sønerne, Aters-sønerne, Talmons-sønerne, Akkubs-sønerne, Hatita-sønerne, Sobai-sønerne, i alt hundrad og ni og tretti. | |
Ezra | NorSMB | 2:55 | Av sønerne åt Salomo-sveinarne: Sotai-sønerne, Hassoferets-sønerne, Peruda-sønerne, | |
Ezra | NorSMB | 2:58 | Alle tempelsveinarne og sønerne åt Salomo-sveinarne var i alt tri hundrad og tvo og nitti. | |
Ezra | NorSMB | 2:59 | Frå Tel-Melah og Tel-Harsa, Kerub og Addan og Immer for dei ut dei som her skal nemnast; men dei kunde ingi greida gjeva um federne sine og ætti, um dei i det heile høyrde Israels-folket til; det var; | |
Ezra | NorSMB | 2:61 | og av prestesønerne: Habaja-sønerne, Hakkos-sønerne, sønerne åt Barzillai, han som hadde teke ei av døtterne åt Gileads-mannen Barzillai til kona og fekk namn etter deim. | |
Ezra | NorSMB | 2:62 | Desse leita etter ættetavlorne sine, men kunde ikkje finna deim; difor vart dei kjende uverdige til å vera prestar. | |
Ezra | NorSMB | 2:63 | Jarlen dømde at dei ikkje måtte eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest som hadde urim og tummim. | |
Ezra | NorSMB | 2:65 | umfram trælarne og trælkvinnorne; talet på deim var sju tusund tri hundrad og sju og tretti. Dertil kom tvo hundrad songarar, karar og kvende. | |
Ezra | NorSMB | 2:66 | Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr, | |
Ezra | NorSMB | 2:68 | Då dei kom fram til Herrens hus i Jerusalem, gav nokre av ættarhovdingarne godviljugt ei gåva til gudshuset, so det kunde verta uppbygt att på den gamle staden. | |
Ezra | NorSMB | 2:69 | Kvar av deim lagde i byggjekassa, etter som han hadde råd til, og det kom inn tri hundrad tusund dalar i gull og fem og tjuge tusund dalar i sylv, dertil eit hundrad prestekjolar. | |