HAGGAI
Chapter 1
Hagg | NorSMB | 1:1 | I andre styringsåret åt kong Darius, fyrste dagen i sette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Zerubbabel Sealtielsson, jarl yver Juda, og til øvstepresten Josva Josadaksson: | |
Hagg | NorSMB | 1:2 | So segjer Herren, allhers drott: Dette folket segjer: «Det er ikkje enno tid til å koma, tid til å byggja Herrens hus.» | |
Hagg | NorSMB | 1:4 | Er det då tid for dykk sjølve å bu i dykkar bordklædde hus, medan dette huset ligg i øyde? | |
Hagg | NorSMB | 1:6 | De sår mykje, og haustar lite; de et og vert ikkje mette; de drikk og sløkkjer ikkje torsten; de klæder dykk og vert ikkje varme; leigetenaren fær si løn i ein botnelaus pung. | |
Hagg | NorSMB | 1:8 | Far til fjells og henta timber og bygg upp templet, so eg kann hava hugnad i det og syna meg herleg, segjer Herren. | |
Hagg | NorSMB | 1:9 | De vona mykje og vann lite; de førde heim og eg bles det burt. Kvifor? segjer Herren, allhers drott. Jau, for mitt hus skuld, av di det ligg i øyde, medan de sjølve hev det annsamt kvar med sitt hus. | |
Hagg | NorSMB | 1:11 | Eg hev kalla turk yver land og fjell, yver korn og druvesaft og olje og alt som gror på marki, yver folk og fe og all dykkar arbeidsvinning. | |
Hagg | NorSMB | 1:12 | Zerubbabel Sealtielsson og øvstepresten Josva Josadaksson og alt det som var att av folket lydde på Herren, sin Gud, og ordi frå profeten Haggai, av di Herren, deira Gud, hadde sendt honom; og folket bar age for Herren. | |
Hagg | NorSMB | 1:13 | Og Herrens sendebod Haggai bar fram Herrens bod til folket: Eg er med dykk, segjer Herren. | |
Hagg | NorSMB | 1:14 | Og Herren kveikte hugen hjå Zerubbabel Sealtielsson, jarlen yver Juda, og hjå øvstepresten Josva Josadaksson og hjå alle deim som var att av folket, so dei lagde i veg og arbeidde på huset åt Herren, allhers drott, deira Gud; | |