Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II CHRONICLES
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 27
II C NorSMB 27:1  Fem og tjuge år gamall var Jotam då han vart konge, og sekstan år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa Sadoksdotter.
II C NorSMB 27:2  Han gjorde det som rett var i Herrens augo, plent som Uzzia, far hans, hadde gjort, so nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens hus. Men folket heldt ved og gjorde det som vondt var.
II C NorSMB 27:3  Han bygde den øvre porten i Herrens hus, og bygde dessutan mykje på Ofelmuren.
II C NorSMB 27:4  Han bygde upp byar i Judafjelli og borger og tårn i skogarne.
II C NorSMB 27:5  Han hadde krig med kongen yver Ammons-borni og vann yver deim, so at Ammons-borni svara skatt til honom i det året, tvo hundrad og femti våger sylv, tretti tusund tunnar kveite og tretti tusund tunnor bygg; det same svara Ammons-borni honom året etter og det tridje året med.
II C NorSMB 27:6  Soleis vart Jotam megtig, av di han stødt førde si livsferd for Herren, sin Gud.
II C NorSMB 27:7  Det som elles er å fortelja um Jotam, um alle krigarne hans og um alle fyretaki hans, er uppskrive i Israels og Judas kongebok.
II C NorSMB 27:8  Fem og tjuge år var han då han vart konge, og sekstan år styrde han i Jerusalem.
II C NorSMB 27:9  So lagde Jotam seg til kvile hjå federne sine, og dei gravlagde honom i Davidsbyen, og Ahaz, son hans, vart konge i staden hans.