II CHRONICLES
Chapter 36
II C | NorSMB | 36:1 | Folket i landet tok Joahaz Josiason og gjorde honom til konge i Jerusalem i staden for far hans. | |
II C | NorSMB | 36:2 | Tri og tjuge år gamall var Joahaz då han vart konge, og tri månader styrde han i Jerusalem. | |
II C | NorSMB | 36:3 | Men egyptarkongen sette honom av frå styret i Jerusalem og let landet bøta tvo hundrad og femti våger sylv og tvo og ein halv våg gull. | |
II C | NorSMB | 36:4 | Og egyptarkongen gjorde Eljakim, bror hans, til konge yver Juda og Jerusalem, og han brigda namnet hans til Jojakim, Joahaz, bror hans derimot, tok Neko og førde til Egyptarland. | |
II C | NorSMB | 36:5 | Fem og tjuge år gamall var Jojakim då han vart konge, og elleve år styrde han i Jerusalem. Han gjorde det som vondt var for Herren, hans Gud. | |
II C | NorSMB | 36:6 | Nebukadnessar, kongen i Babel, drog upp imot honom, og batt honom med koparlekkjor og vilde føra honom til Babel. | |
II C | NorSMB | 36:7 | Og Nebukadnessar førde nokre av kjeraldi i Herrens hus til Babel og sette deim upp i templet sitt i Babel. | |
II C | NorSMB | 36:8 | Det som elles er å fortelja um Jojakim og dei styggetingi som han gjorde, og anna vondt som fanst hjå honom, det er uppskrive i boki um Israels- og Juda-kongarne; Jojakin, son hans, vart konge i staden hans. | |
II C | NorSMB | 36:9 | Attan år gamall var Jojakin då han vart konge, og tri månader og ti dagar styrde han i Jerusalem. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo. | |
II C | NorSMB | 36:10 | Ved årsskiftet sende kong Nebukadnessar folk og førde honom til Babel saman med dei dyraste kjeraldi ifrå Herrens hus; og han gjorde Sidkia, bror hans, til konge yver Juda og Jerusalem. | |
II C | NorSMB | 36:11 | Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då han vart konge, og elleve år styrde han i Jerusalem. | |
II C | NorSMB | 36:12 | Han gjorde det som var vondt i Herrens, hans Guds, augo; han audmykte seg ikkje for profeten Jeremia som tala ord frå Herrens munn. | |
II C | NorSMB | 36:13 | Attpå gjorde han uppreist imot kong Nebukadnessar, som hadde teke honom i eid ved Gud; og han var ein stivnakke og gjorde hjarta sitt hardt, so han umvende seg ikkje til Herren, Israels Gud. | |
II C | NorSMB | 36:14 | Alle hovdingarne bland prestarne og folket gjorde mykjen utruskap og for med same styggedomen som heidningarne og sulka til Herrens hus, som han hadde helga i Jerusalem. | |
II C | NorSMB | 36:15 | Herren, deira fedregud, sende fyretolor til deim seint og tidleg med sendebodi sine, av di han tykte synd i folket sitt og bustaden sin. | |
II C | NorSMB | 36:16 | Men dei spotta sendebodi for Gud, hædde ordi hans og svivyrde profetarne hans til dess Herrens harm reiste seg soleis imot folket hans, at det ikkje lenger var nokor botevon. | |
II C | NorSMB | 36:17 | Han sende kaldæarkongen imot deim, og han drap deira unge mannskap med sverd i det heilage huset deira og sparde korkje unggut eller ungmøy, gamall eller gråhærd. Alt gav han i hans hand. | |
II C | NorSMB | 36:18 | Alle kjeraldi i Guds hus, både store og små, skattarne i Herrens hus og skatterne åt kongen og hovdingarne hans, alt saman førde han til Babel. | |
II C | NorSMB | 36:19 | Dei brende upp Guds hus og reiv ned Jerusalems-muren, brende upp alle slotti der og øydelagde alle dei dyrverdige tingi som fanst der. | |
II C | NorSMB | 36:20 | Deim som sverdet hadde leivt, førde han fangar til Babel, og der vert dei trælar for honom og sønerne hans til dess Persarriket kom til magti, | |
II C | NorSMB | 36:21 | so Herrens ord i Jeremias munn skulde verta uppfyllt, til dess landet fekk njota si kvild; alt med det låg i øyde, fekk det kvila til dess sytti år var lidne. | |
II C | NorSMB | 36:22 | Men i det fyrste året åt Kyrus, kongen i Persia, vekte Herren hugen i persarkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike, og sende brev ikring med sovori kunngjering: | |