Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II CHRONICLES
Prev Up Next
Chapter 24
II C NorSMB 24:1  Sju år gamall var Joas då han vart konge, og fyrti år styrde han i Jerusalem. Mor hans heitte Sibja og var frå Be’erseba.
II C NorSMB 24:2  Joas gjorde det som rett var i Herrens augo so lenge presten Jojada livde.
II C NorSMB 24:3  Jojada tok tvo konor åt honom, og han fekk søner og døtter.
II C NorSMB 24:4  Sidan kom Joas på den tanken at han vilde setja i stand Herrens hus.
II C NorSMB 24:5  Difor stemde han saman prestarne og levitarne og sagde til deim: «Drag ut til Juda-byarne og samla i inn pengar ifrå heile Israel til å vøla på huset åt dykkar Gud, etter som det krevst år etter år. Og skunda dykk med å gjera dette!» Men levitarne skunda seg ikkje med det.
II C NorSMB 24:6  Då kalla kongen til seg øvstepresten Jojada og sagde til honom: «Kvifor hev du ikkje sytt for at levitarne koma med den skatten frå Juda og Jerusalem som Moses, Herrens tenar, lagde på Israels-lyden til beste for kunngjeringstjeldet?
II C NorSMB 24:7  For sønerne åt denne ugudlege Atalja, dei hev brote seg inn i Guds hus, ja, alt som var vigt til Herrens hus, hev dei bruka på Ba’als-gudarne.»
II C NorSMB 24:8  Kongen baud difor at dei skulde laga ei kista og setja upp utanfor porten til Herrens hus.
II C NorSMB 24:9  Og det vart lyst ut i Juda og Jerusalem at dei skulde føra den skatten til Herren som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israels-borni i øydemarki.
II C NorSMB 24:10  Alle hovdingarne og heile folket bar då pengarne fram med gleda, og kasta i kista til dess ho var full.
II C NorSMB 24:11  Og når dei såg at det var mykje sylv i henne, tok levitarne kista og førde henne til det kongelege tilsynet, og då kom den kongelege skrivaren og den tilsynsmannen som øvstepresten hadde sett til, kvar gong og tømde kista; og so tok dei henne og førde hende attende på plassen sin. Soleis gjorde dei gong etter gong, og dei samla ei stor mengd med pengar.
II C NorSMB 24:12  So gav kongen og Jojada deim til arbeidsformennerne ved arbeidet på Herrens hus, og dei leigde steinhoggarar og timbremenner til å setja i stand Herrens hus, og jarn- og koparsmedar til å vøla på Herrens hus.
II C NorSMB 24:13  Arbeidsformennerne tok fat på arbeidet, so at verket hadde framgang i deira hand, og dei bygde upp Guds hus soleis som det hadde vore planlagt, og fekk det godt i stand.
II C NorSMB 24:14  Då dei var ferdige med det, bar dei resten av pengarne til kongen og Jojada, og han let gjera gogner av det til Herrens hus, gogner til tenesta og offeri, og skåler og kjerald av gull og sylv. Og dei ofra brennoffer i Herrens hus stødt so lenge Jojada livde.
II C NorSMB 24:15  Men Jojada vart gamall og mett av dagar og døydde; hundrad og tretti år gamall var han då han døydde.
II C NorSMB 24:16  Dei gravlagde honom i Davidsbyen hjå kongarne, for di han hadde gjort vel imot Israel og mot Gud og hans hus.
II C NorSMB 24:17  Då no Jojada var avliden, kom hovdingarne i Juda og kasta seg ned for kongen; og kongen høyrde viljugt på deim.
II C NorSMB 24:18  Då gjekk dei ifrå huset åt Herren, sin fedregud, og dyrka Astarte-bilæti og dei andre avgudarne. Difor kom det vreide yver Juda og Jerusalem for denne syndi deira.
II C NorSMB 24:19  Og han sende profetar til deim til å føra deim attende til Herren, og dei tala ålvorsamt til deim, men dei høyrde ikkje på deim.
II C NorSMB 24:20  Då tok Guds ande presten Zakarja, son åt Jojada, so han stod fram for folket og sagde til deim: «So segjer Gud: «Kvifor gjer det imot Herrens bod og slepper ifrå dykk lukka! For di de hev gjenge ifrå honom, hev han gjenge frå dykk.»»
II C NorSMB 24:21  Då svor dei seg saman imot honom, og steina honom i fyregarden til Herrens hus etter bod frå kongen.
II C NorSMB 24:22  For kong Joas gløymde den kjærleiken som Jojada, far hans, hadde synt imot honom, og han drap son hans. Men då han døydde, ropa han: «Herren sjå og straffe!»
II C NorSMB 24:23  Då året var ute, drog syrarheren imot honom, og dei kom til Juda og Jerusalem og øydde ut alle hovdingarne i folket og sende heile herfanget sitt til kongen i Damaskus.
II C NorSMB 24:24  Endå syrarheren var fåment då han kom, so gav Herren ein ovstor her i deira vald, for di dei hadde gjenge ifrå Herren, sin fedregud, og soleis sette dei i verk domen yver Joas.
II C NorSMB 24:25  Og då dei drog burt ifrå honom - for dei let honom etter seg i tunge lidingar - då gjorde hirdmennerne hans ei samansverjing imot honom, for di han hadde drepe sønerne åt presten Jojada, og dei drap honom på lega hans. Soleis døydde han, og dei gravlagde honom i Davidsbyen, men ikkje i kongegraverne.
II C NorSMB 24:26  Dei som svor seg saman imot honom, var Zabad, son åt ammonitkvinna Simat, og Jozabad, son åt moabitkvinna Simrit.
II C NorSMB 24:27  Um sønerne hans og alle profetordi imot honom og grunnleggjingi av Guds hus, det finst uppskrive i utleggjingi til kongeboki. Amasja, son hans, vart konge i staden hans.