II CHRONICLES
Chapter 4
II C | NorSMB | 4:1 | Og han gjorde eit altar av kopar, tjuge alner langt, tjuge alner breidt og ti alner høgt. | |
II C | NorSMB | 4:2 | Og han gjorde havet i støypt arbeid; det var ti alner frå den eine kanten til den andre, rundt alt ikring, fem alner høgt, og ei mælesnor på tretti alner gjekk ikring det. | |
II C | NorSMB | 4:3 | Under kanten var det sett bilæte av uksar rundt ikring det; det var ti på kvar aln, det var tvo rader av deim rundt heile havet, og dei var støypte saman med det. | |
II C | NorSMB | 4:4 | Det stod på tolv uksar; av deim snudde tri mot nord, tri mot vest, tri mot sud, og tri mot aust, soleis at havet var ovanpå deim, og dei snudde bakkropparne innetter. | |
II C | NorSMB | 4:5 | Det var ei handbreidd tjukt, og kanten var som på eit staup og laga som ein liljeblom. Det tok tri tusund anker. | |
II C | NorSMB | 4:6 | Framleides gjorde han ti tvåttebaljor, og av deim sette han fem på høgre og fem på vinstre sida; i deim skylde dei det som høyrde til brennofferi, men havet bruka prestarne til tvætte. | |
II C | NorSMB | 4:7 | Og han gjorde ti ljosestakar av gull i samhøve med det som var fyreskrive, og sette deim i tempelbygnaden, fem på høgre og fem på vinstre sida. | |
II C | NorSMB | 4:8 | Og han gjorde ti bord, som han sette i templet, fem på høgre og fem på vinstre sida. Han gjorde og hundrad skåler av gull. | |
II C | NorSMB | 4:9 | Framleides gjorde han prestetunet og den store garden og dører til garden, og dørerne klædde han med kopar. | |
II C | NorSMB | 4:11 | Huram gjorde oskefati og skuflerne og skålerne, og han fullførde det arbeidet som han gjerde for kong Salomo i Guds hus: | |
II C | NorSMB | 4:12 | tvo sulor med dei tvo kulorne og hovudi ovanpå deim, dei tvo neti til å klæda dei tvo kulerunde hovudi på sulorne, | |
II C | NorSMB | 4:13 | dei fire hundrad granatepli til dei tvo neti, tvo rader med granateple for kvart net til å klæda dei kulerunde hovudi på sulorne, | |
II C | NorSMB | 4:16 | Oskefati, skuflerne og gaflarne og alt det som høyrde til, gjorde Huram, far hans, til Herrens hus, for kong Salomo, dei var av blank kopar. | |
II C | NorSMB | 4:17 | Kongen støypte deim nedi Jordan-kverven, i støypeformar av jord millom Sukkot og Seredata. | |
II C | NorSMB | 4:18 | Alle desse tingi let Salomo gjera i stor mengd, for det vart ikkje røkt etter kva koparen vog. | |
II C | NorSMB | 4:19 | Framleides gjorde Salomo alle dei tingi som skulde vera i Guds hus: gullaltaret, bordi som skodebrødi var på, | |
II C | NorSMB | 4:20 | ljosestakarne med lamporne, som skulde kveikjast på fyreskriven måte, framfyre koren, av skirt gull, | |
II C | NorSMB | 4:21 | med blomarne og lamporne og ljossakserne av gull, og det av det aller beste gullet, | |