Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II CHRONICLES
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 31
II C NorSMB 31:1  Då dei no alt dette var slutt, drog alle dei israelitarne som var til stades ut til byarne i Juda og braut sund minnesteinarne, hogg ned Astarte-bilæti og reiv ned offerhaugarne og altari i heile Juda og Benjamin, og i Efraim og Manasse, til dei reint hadde gjort ende på deim. Og so snudde alle Israels-sønerne heim att, kvar til sin eigedom i byarne sine.
II C NorSMB 31:2  So skipa Hizkia preste- og levitskifti, etter som dei høyrde til i det eine eller det andre skiftet, so at kvar og ein av prestarne og levitarne fekk si tenesta med brennofferi og takkoffer, å gjera tenesta med pris og lov i portarne til Herrens læger.
II C NorSMB 31:3  Det som kongen gav av eiga si, vart bruka til å greida brennofferi, morgon- og kvelds-brennofferi og brennofferi på kviledagarne, nymånedagarne og høgtiderne, soleis som skrive stend i Herrens lov.
II C NorSMB 31:4  Og han baud deim av folket som budde i Jerusalem at dei skulde gjeva det som prestarne og levitarne skulde hava, so dei kunde halda fast ved Herrens lov.
II C NorSMB 31:5  So snart dette vart kjent, kom Israels-sønerne med rikleg mengd av fyrstegrøda av korn, druvesaft, olje og honning og alt det andre avgrødet på marki, og sameleis tiend av alt i rikeleg mengd.
II C NorSMB 31:6  Og dei israelitarne og Juda-mennerne som budde i Juda-byarne, kom og med tiend utav storfe og småfe, og dei kom med tiend av dei heilage gåvorne som var vigde til Herren, deira Gud, og lagde deim haug ved haug.
II C NorSMB 31:7  I den tridje månaden tok dei til å hauga i hop, og i den sjuande månaden var dei ferdige med det.
II C NorSMB 31:8  Hizkia og hovdingarne kom då og såg på haugarne, og dei prisa Herren og Israel, folket hans.
II C NorSMB 31:9  Då so Hizkia spurde prestarne og levitarne um haugarne,
II C NorSMB 31:10  svara øvstepresten Azarja av Sadoks hus honom: «Sidan dei tok til å føra offergåva til Herrens hus, hev me ete oss mette og leivt mykje att, for Herren hev velsigna folket sitt, so me hev fenge leivt all denne rikdomen.»
II C NorSMB 31:11  Hizkia gav då det bodet at dei skulde laga til buder i Herrens hus; og då dei hadde laga slike,
II C NorSMB 31:12  førde dei inn der avgrødet, tiendi og heilaggåvorne, alt på tru og æra. Tilsynet med dette vart gjeve til leviten Konanja og næmast under honom Sime’i, bror hans.
II C NorSMB 31:13  Og Jehiel, Azazja, Nahat, Asael, Jerimot, Jozabad, Eliel, Jismakja, Mahat og Benaja var tilsynsmenner jamsides med Konanja og Sime’i, bror hans, etter påbodet kong Hizkia og Azazja, den øvste i Guds hus.
II C NorSMB 31:14  Leviten Kore Jimnason, som var dørvaktar på øystre sida, hadde tilsyn med dei friviljuge gåvorne til Gud, og skulde skifta ut Herrens offergåvor og dei høgheilage gåvorne.
II C NorSMB 31:15  Under honmom vart sett Eden, Minjamin, Jesua, Semaja, Amarja og Sekanja; dei skulde vera i prestebyarne og skifta ut på tru og æra til brørne sine, både til store og små, etter dei skifti dei høyrde til,
II C NorSMB 31:16  Her var frårekna dei av mannkyn som var ifrå tri år og uppetter, og som kom til Herrens hus etter som torvi var frå dag til dag og gjorde arbeidet sitt etter som tenesta deira var etter dei skifti dei høyrde til.
II C NorSMB 31:17  Prestarne vart upptekne i lista etter ættgreinene sine, levitarne ifrå tjugeårsalderen og uppetter etter tenestskyldnaden sin, etter dei skifti dei høyrde til.
II C NorSMB 31:18  Det vart gjort soleis at dei vart upptekne med alle småborni sine, konorne, sønerne og døtterne sine, so mange dei var; for på tru og æra skulde dei styra med dei heilage tingi.
II C NorSMB 31:19  For bymarkarne åt Arons-sønerne, prestarne, var det nokre namngjevne menner i kvar by som skifte til kvar karmann millom prestarne og deim utav levitarne som var upptekne i listorne, det som dei hadde rett til.
II C NorSMB 31:20  Soleis gjorde Hizkia i heile Juda, og han gjorde det som godt og rett og sant var for Herren, sin Guds åsyn.
II C NorSMB 31:21  Alle dei verki som han tok seg fyre i tenesta for Guds hus, i lovi og i bodet med det fyremål å søkja sin Gud, alle dei gjorde han av heile sitt hjarta, og han hadde lukka med seg.