LEVITICUS
Chapter 12
Levi | NorSMB | 12:2 | «Tala til Israels-borni og seg: «Når ei kvende kjem i barnseng og fær ein son, so skal ho vera urein i sju dagar, likso lenge som når ho hev månadstidi si. | |
Levi | NorSMB | 12:4 | Sidan skal ho halda seg heime i tri og tretti dagar, medan blodet gjeng og ho reinskast; ikkje må ho røra noko heilagt, og ikkje må ho koma til heilagdomen fyrr reinskingsdagarne hennar er lidne. | |
Levi | NorSMB | 12:5 | Fær ho eit møybarn, so vert ho vera urein i tvo vikor, som når ho hev sine eigne tider, og sidan skal ho halda seg heime i seks og seksti dagar, medan blodet gjeng og ho reinskast. | |
Levi | NorSMB | 12:6 | Når reinskingstidi er ute, anten ho hev fenge son eller dotter, so skal ho koma med eit årsgamalt lamb til brennoffer og ein duveunge eller ei turtelduva til syndoffer; det skal ho bera fram åt møtetjelddøri, og gjeva det til presten, | |
Levi | NorSMB | 12:7 | og presten skal ofra det for Herrens åsyn, og gjera soning for henne, so ho vert rein etter blødingi. Denne lovi gjeld for alle kvende som hev fenge barn, anten det er son eller dotter. | |