LEVITICUS
Chapter 26
Levi | NorSMB | 26:1 | De skal ikkje gjera dykk avgudar, og ikkje reisa gudebilæte eller minnestolpar eller setja bilætsteinar i landet dykkar og kasta dykk på kne for deim. Eg, Herren, er dykkar Gud. | |
Levi | NorSMB | 26:2 | Helgarne mine skal de halda, og hava age for heilagdomen min. Kom i hug: eg er Herren! | |
Levi | NorSMB | 26:4 | so skal eg senda dykk regnet i rette tid, når det treng det, og jordi skal gjeva si grøda, og hagetrei si alda. | |
Levi | NorSMB | 26:5 | Treskjartidi skal vera hjå dykk til vinonni byrjar, og vinonni vara til vinteren, og de skal eta dykk mette av maten som de hev avla, og liva trygge i landet. | |
Levi | NorSMB | 26:6 | Fred vil eg gjeva i landet: de skal liggja og kvila, og ingen skal skræma dykk upp; udyri, deim vil eg øyda, so dei kverv burt ifrå landet, og sverd skal ’kje herja i riket; | |
Levi | NorSMB | 26:8 | fem av dykk skal jaga eit hundrad, og hundrad jaga ti tusund, og fiendarne falla for sverdet. | |
Levi | NorSMB | 26:9 | Med milda vil eg dykk møta, og lata dykk aukast og veksa og signa sambandet med dykk. | |
Levi | NorSMB | 26:10 | Fjorgamalt korn skal de eta, til dess de lyt rydja det undan, so de fær rom åt det nye. | |
Levi | NorSMB | 26:12 | Imillom dykk vil eg ferdast, og dykkar Gud vil eg vera, og de skal vera mitt folk. | |
Levi | NorSMB | 26:13 | Eg er dykkar Gud, eg, Herren, som henta dykk ut or Egyptarlandet, der som de træla for andre; eg braut sund stengern’ i oket, so de kunde ganga rake. | |
Levi | NorSMB | 26:15 | mismæter de mine rettar og leidest loverne mine, so de ikkje gjer som eg sagde, og bryt de sambandet med meg, | |
Levi | NorSMB | 26:16 | so gjev eg dykk likt for like: då søkjer eg dykk med fælska, med sott som tærer og brenner, sykja som sløkkjer ut augo og syg magti or livet. Til fånyttes sår de ut kornet; for uvenern’ et det de avlar. | |
Levi | NorSMB | 26:17 | Eg kvesser augo imot dykk: for fienden skal de rjuka, uvenen skal trakka dykk ned; de skal røma, um ingen er etter dykk. | |
Levi | NorSMB | 26:18 | Og vil de endå ’kje lyda, so skal eg refsa dykk meir, sju gonger, for synderne dykkar. | |
Levi | NorSMB | 26:19 | Eg bryt dykkar ovmod og magt: eg gjer dykkar himmel som jarn, og jordi dykkar som kopar. | |
Levi | NorSMB | 26:21 | Og gjer de meg endå imot, og vil de ’kje høyra på meg, so slær eg dykk endå sju gonger, som synderne dykkar er verde. | |
Levi | NorSMB | 26:22 | Imot dykk sender eg udyr som ranar borni ifrå dykk, og drep ned bufeet dykkar, og veld at de tynnest i talet, so vegarne dykkar vert aude. | |
Levi | NorSMB | 26:24 | so gjer eg og dykk imot, og slær dykk endå sju gonger for alt det som de hev synda; | |
Levi | NorSMB | 26:25 | eg sender eit sverd yver dykk, som skal hemna pakti de braut; og samlar de dykk i byarn’, so sender eg sott inn ibland dykk, og de skal falla i fiendehand. | |
Levi | NorSMB | 26:26 | Eg skal minka soleis på maten, som var dykkar styrk og studnad, at tie konor skal steikja brødet åt dykk i ein omn; dei skal gjeva det att etter vegt, og de skal ’kje få eta dykk mette. | |
Levi | NorSMB | 26:28 | so fer eg imot dykk med vreide, og refsar dykk endå sju gonger for alle syndern’ de gjorde. | |
Levi | NorSMB | 26:30 | Eg skal øyda høgderne dykkar, og rydja solstolparne ut, og kasta dykkar eigne lik på liki av skarnsgudarne dykkar; for de byd mitt hjarta imot. | |
Levi | NorSMB | 26:31 | Eg vil leggja byarn’ i røys, og riva templi ned, og vil ikkje ansa angen som stig upp frå offeri dykkar; | |
Levi | NorSMB | 26:33 | Og dykk skal eg spreida bland folki; med drege sverd skal eg elta dykk, og landet dykkar skal verta ei audn, og byarne skal verta røysar. | |
Levi | NorSMB | 26:34 | Då skal landet få njota si kvild, alt med det lyt liggja i øyde og de er i fiendelandet - ja då skal landet få kvila og halda helgerne sine; | |
Levi | NorSMB | 26:35 | alt med det ligg audt, skal det kvila; då skal det få seg den helgekvildi det ikkje fekk i kvileåri, so lenge de endå budde der. | |
Levi | NorSMB | 26:36 | Men dei av dykk som er att, skal eg gjeva slik rædsla i hjarta, med dei held til i fiendelandi, at ljoden av eit fjukande lauv skal skræma deim upp og jaga deim av, som når ein rømer for sverdet; dei skal falla, um ingen er etter deim. | |
Levi | NorSMB | 26:37 | Dei skal snåva og detta, ein yver hin, som dei hadde sverdet i hælarn’, endå det er ingen som elter. De skal ikkje stå dykk mot uvenern’ dykkar, | |
Levi | NorSMB | 26:39 | Og dei av dykk som endå er att, skal visna burt i fiendelandi for broti som dei hev gjort, og for broti åt federne sine; dei skal folna burt liksom dei. | |
Levi | NorSMB | 26:40 | Då skal dei stå til sine brot og broti åt sine feder, at dei fall ifrå meg, og sveik meg, og gjorde meg tvert imot, | |
Levi | NorSMB | 26:41 | so eg og laut stå deim imot, og dreiv deim til fiendelandet - og bøygjer dei så sine hjarto, so harde og stride dei er, og fær dei då kvitta si skuld, | |
Levi | NorSMB | 26:42 | Og so skal eg minnast mitt samband med Jakob og Isak og Abram, og landet skal eg og minnast. | |
Levi | NorSMB | 26:43 | Men landet lyt fyrst vera kvitt deim, og njota helgarne sine med det ligg audt etter deim; og dei lyt bøta si skuld, etter di dei vanda mi lov, og bodet mitt baud deim imot. | |
Levi | NorSMB | 26:44 | Men endå um det er so, og dei er i fiendelandet, vil eg ikkje vanda deim reint eller skjota deim heiltupp ifrå meg: eg vil ikkje rydja deim ut og brjota sambandet med deim; for eg, Herren, er deira Gud. | |
Levi | NorSMB | 26:45 | Eg vil minnast mi pakt med dei gamle, som eg henta ut or Egyptarland midt for augo på heidningefolki, og var deira Gud, eg, Herren!»» | |