LEVITICUS
Chapter 9
Levi | NorSMB | 9:1 | Då den åttande dagen var komen, kalla Moses til seg Aron og sønerne hans og dei øvste i Israel, | |
Levi | NorSMB | 9:2 | og han sagde med Aron: «Tak ein uksekalv til syndoffer og ein ver til brennoffer, lytelause båe tvo, og leid deim fram for Herrens åsyn! | |
Levi | NorSMB | 9:3 | Og til Israels-folket skal du segja: «Tak ein geitebukk til syndoffer, og ein kalv og eit lamb, årsgamle og lytelause båe tvo, til brennoffer, | |
Levi | NorSMB | 9:4 | og ein ukse og ein ver til takkoffer - dei skal slagtast for Herrens åsyn - og so eit grjonoffer som er tillaga med olje! For i dag vil Herren syna seg for dykk.»» | |
Levi | NorSMB | 9:5 | So henta dei det som Moses hadde sagt, og sette det framanfor møtetjeldet, og heile lyden gjekk innåt, og stod for Herrens åsyn. | |
Levi | NorSMB | 9:6 | Og Moses sagde: «Soleis hev Herren sagt de skal gjera, so skal herlegdomen åt Herren syna seg for dykk.» | |
Levi | NorSMB | 9:7 | So sagde han til Aron: «Kom hit åt altaret, og ofra syndofferet og brennofferet ditt, og gjer soning for deg og for folket, og ber so fram offergåva frå folket og gjer soning for deim, soleis som Herren hev sagt!» | |
Levi | NorSMB | 9:8 | So steig Aron fram åt altaret, og slagta uksekalven som skulde vera syndoffer for honom sjølv. | |
Levi | NorSMB | 9:9 | Sønerne hans gav honom blodet, og han duppa fingeren i blodet, og strauk det på altaret, og det som var att av blodet, helte han ut tett innmed altarfoten. | |
Levi | NorSMB | 9:10 | Feittet og nyro og den store livreflaga av syndofferdyret brende han på altaret, so røyken steig upp mot himmelen, soleis som Herren hadde sagt med Moses; | |
Levi | NorSMB | 9:12 | So slagta han brennofferdyret. Sønerne hans gav honom blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret. | |
Levi | NorSMB | 9:13 | Sidan rette dei sjølve brennofferet til honom, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret, so røyken steig upp mot himmelen. | |
Levi | NorSMB | 9:14 | Innvolen og føterne tvo han i vatn, og so brende han det og på altaret i hop med hitt. | |
Levi | NorSMB | 9:15 | So bar han fram offergåvorne frå folket. Fyrst tok han bukken som skulde vera syndoffer for folket, og slagta honom, og bar honom fram til syndoffer, liksom det fyrste offerdyret. | |
Levi | NorSMB | 9:17 | Sidan bar han fram grjonofferet; av det tok han ein neve og brende på altaret umfram morgon-brennofferet. | |
Levi | NorSMB | 9:18 | So slagta han uksen og veren, takkofferet frå folket; sønerne hans gav honom blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret. | |
Levi | NorSMB | 9:20 | alt feittet, lagde dei uppå bringestykki. Og Aron brende feittet på altaret, so røyken steig upp mot himmelen; | |
Levi | NorSMB | 9:21 | men bringestykki og det høgre låret svinga han att og fram for Herrens åsyn, som Moses hadde sagt til honom. | |
Levi | NorSMB | 9:22 | Og Aron lyfte henderne yver folket og velsigna deim, og so steig han ned, etter han hadde bore fram syndofferet og brennofferet og takkofferet. | |
Levi | NorSMB | 9:23 | Sidan gjekk Moses og Aron inn i møtetjeldet, og då dei kom ut att, velsigna dei folket. Då synte herlegdomen åt Herren seg for heile folket, | |