Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LEVITICUS
Prev Up Next
Chapter 27
Levi NorSMB 27:2  «Tala til Israels-folket, og seg til deim: «Når ein hev lova å vigja seg sjølv eller eit anna menneskje til Herren, og sidan vil løysa seg frå lovnaden med penger, so skal du verdsetja den som er burtlova:
Levi NorSMB 27:3  Verdet på ein mann som er millom tjuge og seksti år, skal vera femti sylvdalar i heilag mynt;
Levi NorSMB 27:4  er det eit kvende, so skal du setja verdet til tretti dalar.
Levi NorSMB 27:5  Eit menneskje som er millom fem år og tjuge år, skal du setja i tjuge dalar dersom det er ein kar, og i ti dalar dersom det er eit kvende.
Levi NorSMB 27:6  Er det eit barn millom ein månad og fem år, so skal verdet på ein gut vera fem sylvdalar, og på ei gjenta tri sylvdalar.
Levi NorSMB 27:7  Deim som er seksti år eller meir, skal du setja i femtan dalar i fall det er menner, og i ti dalar i fall det er kvende.
Levi NorSMB 27:8  Er nokon so fatig at han ikkje kann greida ut pengarne, so skal dei koma til presten med honom, og presten skal setja verdet etter hans utkoma som gjorde lovnaden.
Levi NorSMB 27:9  Er det eit dyr som er burtlova, eit av deim som folk ber fram til offer for Herren, so skal alt ein gjev Herren av slikt, reknast for heilagt.
Levi NorSMB 27:10  Ein må ikkje byta det um eller gjeva eit anna dyr i staden, korkje eit ringt for eit godt eller eit godt for eit ringt. Byter ein det like vel i eit anna dyr, so skal båe tvo gjelda for heilage.
Levi NorSMB 27:11  Men er det eit ureint dyr, eit av deim ein ikkje kann gjeva Herren i offergåva, so skal det leidast fram for presten,
Levi NorSMB 27:12  og presten skal verdsetja det, etter som det er til, godt eller ringt; det som presten set det i, det skal vera prisen på det.
Levi NorSMB 27:13  Vil eigaren løysa det att, so lyt han leggja femteparten meir enn det er verdsett til.
Levi NorSMB 27:14  Når ein hev lova å vigja huset sitt til Herren, so skal presten verdsetja det etter som det er til, godt eller ringt, og det som presten set det i, skal gjelda for rette verdet.
Levi NorSMB 27:15  Vil den som hev lova burt huset løysa det att, so skal han leggja femteparten yver det verdet; då vert det hans.
Levi NorSMB 27:16  Når ein hev lova burt noko av odelsjordi si til Herren, so skal verdet retta seg etter sådmengdi: ein åker på halvtridje tunnesåd bygg skal svara til femti sylvdalar.
Levi NorSMB 27:17  Hev han lova burt jordi alt ifrå jubelåret, so skal det verdet gjelda fullt.
Levi NorSMB 27:18  Men er det etter jubelåret han hev lova henne burt, so skal presten rekna ut verdet etter dei åri som er att til komande jubelår, og prisen skal setjast ned etter måten.
Levi NorSMB 27:19  Hev ein lova Herren eit stykke av jordi si, og sidan vil løysa det, skal han leggja femteparten yver verdet, so skal han få det.
Levi NorSMB 27:20  Løyser han det ikkje, og like vel sel det til ein annan, so kann det ikkje løysast meir;
Levi NorSMB 27:21  når då jubelåret kjem, og jordi vert fri, skal ho høyra Herrens heilagdom til, liksom jord som er vigsla; presten skal hava eigedomsretten til henne.
Levi NorSMB 27:22  Når ein hev lova Herren eit stykke jord som han hev kjøpt, og som ikkje er hans odel,
Levi NorSMB 27:23  so skal presten rekna ut verdet til komande jubelår, og mannen skal greida ut pengarne med det same, og vigja deim åt Herren.
Levi NorSMB 27:24  I jubelåret fell jordi attende til den han kjøpte av, og som hev odelen.
Levi NorSMB 27:25  All verdsetjing skal vera i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren.
Levi NorSMB 27:26  Det som er frumbore i buskapen, kann ikkje lovast burt; etter di det er frumbore, er det longe Herrens eigedom; anten det er storfe eller småfe, so høyrer det Herren til.
Levi NorSMB 27:27  Er det ureine dyr, so kann ein løysa deim att etter verdet, men lyt då leggja attåt femteparten; vert dei ikkje attløyste, so kann dei seljast for verdet.
Levi NorSMB 27:28  Det som ein vigslar åt Herren av eigedomen sin, anten det er folk eller fe eller odelsjord, det kann ikkje seljast og ikkje løysast att; alt som er vigsla, er høgheilagt og høyrer Herren til.
Levi NorSMB 27:29  Ingen mann som er bannstøytt, kann verta attløyst; han lyt lata livet.
Levi NorSMB 27:30  All tiend av jordi, av grøda på marki og av alda på trei, høyrer Herren til, og til Herren skal ho vigjast.
Levi NorSMB 27:31  Vil ein løysa att noko av tiendi, skal han leggja femteparten yver verdet.
Levi NorSMB 27:32  Og av alt bufeet, både stort og smått, alt som kjem under hyrdingstaven, skal tiande kvart dyr vigjast til Herren.
Levi NorSMB 27:33  Ein skal ikkje sjå etter um det er godt eller ringt, og ikkje byta det um. Vert det bytt i eit anna dyr, so skal dei høyra heilagdomen båe, og kann ikkje verta attløyste.»»
Levi NorSMB 27:34  Dette var dei loverne som Herren gav Moses på Sinaifjellet og baud honom kunngjera for Israels-folket.