Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LEVITICUS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 18
Levi NorSMB 18:2  «Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Eg er Herren, dykkar Gud.
Levi NorSMB 18:3  De skal ikkje fara etter det som er skikk og sed i Egyptarlandet, der de fyrr budde, eller i Kana’ans-landet, som eg fører dykk til, og ikkje fylgja loverne deira.
Levi NorSMB 18:4  Mine bod skal de lyda, og mine lover skal de halda dykk etter og fylgja. Eg er Herren, dykkar Gud;
Levi NorSMB 18:5  de skal halda bodi og loverne mine; held menneskja deim, so skal ho finna livet i deim. Kom i hug: eg er Herren.
Levi NorSMB 18:6  Ingen av dykk må koma innåt noko nærskyldt kvende og søkja seng med henne; kom i hug: eg er Herren.
Levi NorSMB 18:7  Du skal hava age for lega åt far din og mor di. Ho er mor di; du skal ikkje søkja seng med henne.
Levi NorSMB 18:8  Du skal ikkje søkja seng med stykmor di; ho er vivet åt far din.
Levi NorSMB 18:9  Du skal ikkje søkja seng med syster di, som hev same far eller same mor som du; anten ho er fødd i eller utanfor huset, so skal du ikkje søkja seng med henne.
Levi NorSMB 18:10  Du skal ikkje søkja seng med sonedotter eller dotterdotter di; for det er ditt eige avkjøme.
Levi NorSMB 18:11  Du skal ikkje søkja seng med dotter åt stykmor di; ho er dotter åt far din, og ho er syster di.
Levi NorSMB 18:12  Du skal ikkje søkja seng med farsyster di; det er same blodet som far din.
Levi NorSMB 18:13  Du skal ikkje søkja seng med morsyster di; det er same blodet som mor di.
Levi NorSMB 18:14  Du skal ikkje skjemma lega åt farbror din og koma kona hans for nær; for ho er farsyster di.
Levi NorSMB 18:15  Du skal ikkje søkja seng med verdotter di. Ho er vivet åt son din; du skal ikkje søkja seng med henne.
Levi NorSMB 18:16  Du skal ikkje søkja seng med brorkona di; ho er vivet åt din eigen bror.
Levi NorSMB 18:17  Hev du havt samlega med et kvende, so skal du ikkje søkja seng med dotter hennar; heller ikkje skal du ganga i seng med sonedotter eller dotterdotter hennar. Det er blodskam; for dei er same folket.
Levi NorSMB 18:18  Du skal ikkje gifta deg med versyster di og søkja seng med henne, medan kona di liver; for då set du hat millom deim.
Levi NorSMB 18:19  Du skal ikkje koma innåt noko kvende og søkja seng med henne, medan ho hev månadssjuken sin og er urein.
Levi NorSMB 18:20  Du skal ikkje liggja hjå kona åt grannen din og på den måten gjera deg urein.
Levi NorSMB 18:21  Du skal ikkje gjeva noko av borni dine frå deg til Molok; for då vanhelgar du namnet åt din Gud. Eg er Herren!
Levi NorSMB 18:22  Du skal ikkje liggja hjå ein kar, som ein ligg med eit kvende; det er ein styggedom.
Levi NorSMB 18:23  Med dyr må du aldri blanda deg; for då vert du urein. Og heller ikkje må kvende gjeva seg i lag med dyr og para seg med deim. Det er skjemdarferd.
Levi NorSMB 18:24  Gjer dykk ikkje ureine med sovori åtferd! For slikt var det dei gjorde seg ureine med, dei folki som eg driv ut for augo dykkar;
Levi NorSMB 18:25  då vart landet ureint, og eg heimsøkte det for broti deira, og landet støytte deim ut.
Levi NorSMB 18:26  Men de skal halda bodi og loverne mine, både de sjølve og dei framande som bur millom dykk; de skal ikkje gjera noko av dei skjemdarverki
Levi NorSMB 18:27  som dei sulka ut landet med, dei som åtte det fyre dykk;
Levi NorSMB 18:28  for då kjem landet til å støyta dykk ut, for di de sulkar det til, liksom det støytte ut det folket som var der fyre dykk.
Levi NorSMB 18:29  For alle dei som gjer slike skjemdarverk, dei skal rydjast ut or folket sitt.
Levi NorSMB 18:30  So haldt då dei bodi eg hev gjeve dykk, og tak ikkje etter dei fæle ugjerderne som dei hadde, dei som var fyre dykk; for med det gjer de dykk ureine: Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!»»