LEVITICUS
Chapter 18
Levi | NorSMB | 18:3 | De skal ikkje fara etter det som er skikk og sed i Egyptarlandet, der de fyrr budde, eller i Kana’ans-landet, som eg fører dykk til, og ikkje fylgja loverne deira. | |
Levi | NorSMB | 18:4 | Mine bod skal de lyda, og mine lover skal de halda dykk etter og fylgja. Eg er Herren, dykkar Gud; | |
Levi | NorSMB | 18:5 | de skal halda bodi og loverne mine; held menneskja deim, so skal ho finna livet i deim. Kom i hug: eg er Herren. | |
Levi | NorSMB | 18:6 | Ingen av dykk må koma innåt noko nærskyldt kvende og søkja seng med henne; kom i hug: eg er Herren. | |
Levi | NorSMB | 18:7 | Du skal hava age for lega åt far din og mor di. Ho er mor di; du skal ikkje søkja seng med henne. | |
Levi | NorSMB | 18:9 | Du skal ikkje søkja seng med syster di, som hev same far eller same mor som du; anten ho er fødd i eller utanfor huset, so skal du ikkje søkja seng med henne. | |
Levi | NorSMB | 18:10 | Du skal ikkje søkja seng med sonedotter eller dotterdotter di; for det er ditt eige avkjøme. | |
Levi | NorSMB | 18:11 | Du skal ikkje søkja seng med dotter åt stykmor di; ho er dotter åt far din, og ho er syster di. | |
Levi | NorSMB | 18:14 | Du skal ikkje skjemma lega åt farbror din og koma kona hans for nær; for ho er farsyster di. | |
Levi | NorSMB | 18:15 | Du skal ikkje søkja seng med verdotter di. Ho er vivet åt son din; du skal ikkje søkja seng med henne. | |
Levi | NorSMB | 18:17 | Hev du havt samlega med et kvende, so skal du ikkje søkja seng med dotter hennar; heller ikkje skal du ganga i seng med sonedotter eller dotterdotter hennar. Det er blodskam; for dei er same folket. | |
Levi | NorSMB | 18:18 | Du skal ikkje gifta deg med versyster di og søkja seng med henne, medan kona di liver; for då set du hat millom deim. | |
Levi | NorSMB | 18:19 | Du skal ikkje koma innåt noko kvende og søkja seng med henne, medan ho hev månadssjuken sin og er urein. | |
Levi | NorSMB | 18:21 | Du skal ikkje gjeva noko av borni dine frå deg til Molok; for då vanhelgar du namnet åt din Gud. Eg er Herren! | |
Levi | NorSMB | 18:22 | Du skal ikkje liggja hjå ein kar, som ein ligg med eit kvende; det er ein styggedom. | |
Levi | NorSMB | 18:23 | Med dyr må du aldri blanda deg; for då vert du urein. Og heller ikkje må kvende gjeva seg i lag med dyr og para seg med deim. Det er skjemdarferd. | |
Levi | NorSMB | 18:24 | Gjer dykk ikkje ureine med sovori åtferd! For slikt var det dei gjorde seg ureine med, dei folki som eg driv ut for augo dykkar; | |
Levi | NorSMB | 18:25 | då vart landet ureint, og eg heimsøkte det for broti deira, og landet støytte deim ut. | |
Levi | NorSMB | 18:26 | Men de skal halda bodi og loverne mine, både de sjølve og dei framande som bur millom dykk; de skal ikkje gjera noko av dei skjemdarverki | |
Levi | NorSMB | 18:28 | for då kjem landet til å støyta dykk ut, for di de sulkar det til, liksom det støytte ut det folket som var der fyre dykk. | |