Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
LEVITICUS
Prev Up Next
Chapter 17
Levi NorSMB 17:2  «Tala til Aron og sønerne hans og til heile Israels-folket, og seg med deim: «Høyr no kva Herren vil de skal gjera:
Levi NorSMB 17:3  Er det nokon mann av Israels-ætti som slagtar ein ukse eller ein sau eller ei geit anten i eller utanfor lægret,
Levi NorSMB 17:4  og ikkje leider deim fram til møtetjelddøri og ofrar Herren ei gåva framfor bustaden hans, so skal den mannen reknast jamgod med ein dråpsmann; han hev rent ut blod og skal rydjast ut or folket sitt.
Levi NorSMB 17:5  Difor skal Israels-borni koma til Herren med slagtofferi sine som dei er vane å slagta ute på marki, og leida deim fram åt møtetjelddøri, til presten, og slagta deim til takkoffer åt Herren.
Levi NorSMB 17:6  Og presten skal sprøyta blodet yver Herrens altar som stend framanfor møtetjelddøri, og brenna feittet til godange for Herren.
Levi NorSMB 17:7  Og dei skal ikkje lenger gjeva offeri sine til dei raggute trolli som dei flyg etter. Dette skal vera ei æveleg lov for deim og etterkomarane deira.»
Levi NorSMB 17:8  Og dette skal du segja med deim: «Dersom nokon av Israels-ætti, eller av dei framande som bur millom deim, ber fram eit brennoffer eller slagtoffer,
Levi NorSMB 17:9  og ikkje kjem til møtetjelddøri med det og ofrar det til Herren, so skal den mannen rydjast ut or folket sitt.
Levi NorSMB 17:10  Og dersom nokon av Israels-ætti, eller av dei framande som bur millom deim, et aldri so lite blod, so skal eg kvessa augo imot den mannen, og rydja honom ut or folket hans.
Levi NorSMB 17:11  For livet i likamen ligg i blodet, og eg hev gjeve dykk lov til å hava blod på altaret til soning for livet dykkar. For blodet det sonar av di livet ligg i det.
Levi NorSMB 17:12  Difor segjer eg til Israels-borni: Ingen av dykk må eta blod; dei framande som bur hjå dykk, må heller ikkje gjera det.
Levi NorSMB 17:13  Og når nokon av Israels-borni, eller av dei framande som bur millom deim, veider villdyr eller fuglar som dei hev lov til å eta, so skal han lata blodet renna ut på marki og hava jord yver det.
Levi NorSMB 17:14  For livet i likamen, det er blodet med livet som ligg i det; difor hev eg sagt til Israels-folket: De må ikkje eta blodet av noko kvikjende! For livet i kvart kvikjende, det er blodet som er i det; kven som et det, han skal rydjast ut.
Levi NorSMB 17:15  Hev nokon mann, anten han er fødd i landet eller han er framand, ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, so skal han två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds; sidan er han rein.
Levi NorSMB 17:16  Tvær han ikkje klædi sine og ikkje laugar likamen sin, so gjer han ei synd som han lyt lida for.»»