REVELATION OF JOHN
Chapter 12
Reve | NorSMB | 12:1 | Og eit stort teikn vart set i himmelen: ei kvinna klædd med soli, og med månen under føterne, og på hovudet hadde ho ei kruna av tolv stjernor. | |
Reve | NorSMB | 12:3 | Og eit anna teikn vart set i himmelen, og sjå: ein stor eldraud drake, som hadde sju hovud og ti horn og på hovudi sine sju krunor. | |
Reve | NorSMB | 12:4 | Og sterten hans drog tridjeparten av stjernorne på himmelen med seg og kasta deim ned på jordi; og draken stod framfor kvinna som skulde føda, so han kunde gløypa barnet hennar når ho hadde født det. | |
Reve | NorSMB | 12:5 | Og ho fødde eit gutebarn, som skal styra alle heidningarne med jarnstav, og barnet hennar vart upprykt til Gud og til hans kongsstol. | |
Reve | NorSMB | 12:6 | Og kvinna flydde ut i øydemarki, der ho hev ein stad som Gud hev laga til åt henne, for at dei skal næra henne der i tusund tvo hundrad og seksti dagar. | |
Reve | NorSMB | 12:7 | Og det vart ein strid i himmelen: Mikael og hans englar stridde med draken, og draken stridde, og hans englar. | |
Reve | NorSMB | 12:9 | Og den store draken vart kasta ned, den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, han som dårar heile verdi; han vart kasta ned på jordi, og englarne hans vart kasta ned med honom. | |
Reve | NorSMB | 12:10 | Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen, som sagde: «Frå no eig vår Gud frelsa og krafti og riket, og den han salva, hev magti; for klagaren mot brørne våre er kasta ned, han som klaga deim for vår Gud dag og natt. | |
Reve | NorSMB | 12:11 | Og dei hev vunne yver honom i kraft av blodet av Lambet og det ordet dei vitna; og dei hadde ikkje livet sitt kjært, alt til dauden. | |
Reve | NorSMB | 12:12 | Difor fagna dykk, de himlar, og de som bur i deim! Usæle jordi og havet! for djevelen hev fare ned til dykk i stor vreide, då han veit at han berre hev ei liti tid.» | |
Reve | NorSMB | 12:13 | Og då draken såg at han var nedkasta til jordi, forfylgde han kvinna som hadde født guten. | |
Reve | NorSMB | 12:14 | Og dei tvo vengjerne på den store ørnen vart gjevne til kvinna, so ho skulde fljuga ut i øydemarki til sin stad, der ho fær si føda ei tid og tider og ei halv tid, langt ifrå augo på ormen. | |
Reve | NorSMB | 12:15 | Og ormen spruta or gapet sitt vatn som ei elv etter kvinna, for å riva henne burt med elvi. | |
Reve | NorSMB | 12:16 | Men jordi kom kvinna til hjelp, og jordi opna sin munn og svelgde elvi som draken spruta ut or gapet sitt. | |