EZEKIEL
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
Chapter 35
Ezek | NorSMB | 35:3 | Og du skal segja med det: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Se’irfjell, og eg vil retta ut mi hand imot deg og leggja deg i audn og øyde. | |
Ezek | NorSMB | 35:4 | Byarne dine vil eg gjera til steinrøysar, og du sjølv skal verta ei audn. Og du skal sanna at eg er Herren. | |
Ezek | NorSMB | 35:5 | Etter di du ber på ein æveleg fiendskap og let Israels-borni koma under sverds-egg i deira usæletid, den tidi då misgjerningi laut enda, | |
Ezek | NorSMB | 35:6 | difor, so sant eg liver, segjer Herren, Herren, til blod vil eg gjera deg, og blod skal søkja på deg. Sidan du ikkje hev hata blod, so skal blod søkja på deg. | |
Ezek | NorSMB | 35:7 | So vil eg då leggja Se’irfjellet i audn og øyde, og eg vil rydja ut or det både komande og farande. | |
Ezek | NorSMB | 35:8 | Og eg vil fylla fjelli med slegne menner. På dine haugar og i dine dalar og i alle dine gil skal menner falla, slegne med sverd. | |
Ezek | NorSMB | 35:9 | Til ævelege audner vil eg gjera deg, og byarne dine skal ikkje atter verta bustader, og de skal sanna at eg er Herren. | |
Ezek | NorSMB | 35:10 | For di du sagde: «Båe folki og båe landi skal verta mine, og eg vil taka deim til eiga,» endå Herren hev vore der, | |
Ezek | NorSMB | 35:11 | difor, so sant eg liver, segjer Herren, Herren, vil eg gjera med deg etter den vreiden og ovundi som du hev synt i ditt hat imot deim, og eg skal verta kjend hjå deim når eg dømer deg. | |
Ezek | NorSMB | 35:12 | Og du skal sanna at eg Herren. Eg hev høyrt alle hæde-ordi dine, som du hev tala mot Israelsfjelli, då du sagde: «Dei er i øyde lagde! dei er gjevne åt oss til mat.» | |
Ezek | NorSMB | 35:13 | Og de hev bruka munnen mot meg i ovmod og var ordrame mot meg; eg hev nok høyrt det. | |